Galaksehop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bilete frå Hubbleteleskopet av Stephans kvintett, den mest studerte av alle galaksehopar.

Galaksehopar er samlingar av galaksar som ligg så nære kvarandre at dei dannar eit lokalt system som krinsar rundt eit felles massesentrum. Ein galaksehop kan bestå av alt ifrå ei handfull til fleire tusen galaksar spreidde utover eit område på meir enn ti millionar lysår. Ein typisk avstand mellom galaksar i ein galaksehop kan vera på éin til to millionar lysår.[1]

Vår eigen galakse, Mjølkevegen, er del av galaksehopen den lokale gruppa.

Galakshopar klyngjer seg vidare saman i superhopar som kan innehalda 10-50 galaksehopar og spenna over område kanskje større enn 300 millionar lysår.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Astronomiordlista hos Universitetet i Oslo (UiO), arkivert frå originalen 18. september 2002, henta 18. september 2002 
  2. «Verdensrommet - En visuell guide til astronomi», av Mark A. Garlick, s. 182
Spire Denne astronomiartikkelen som har med galakse å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.