Eklogitt
Utsjånad
Eklogitt er ein metamorf, plagioklasfri bergart som er sett saman av raudbrun granat (almandin-pyrop) og grøn pyroksen (omfasitt). For å få danna desse mineral må ein ha høgt trykk. Ein kan ha kyanitt, rutil, coesitt og kvarts i einskilde eklogittar.
I Noreg har vi eklogitt mellom anna i Nordfjord. Eklogitt er fylkesbergart for Sogn og Fjordane.