Col du Galibier
Utsjånad
| Col du Galibier | |||
|---|---|---|---|
Dei siste to kilometrane frå nord | |||
| Nord | Sør | ||
| Passhøgd | 2 645 m | ||
| Département | Departementet Savoie, Frankrike | Hautes-Alpes | |
| Vasskilje | Valloirette, Arc | Romanche og Guisane | |
| Stader | Valloire | Col du Lautaret | |
| Samband | Passveg / Tunnel | ||
| Bygd | 1876 | ||
| Vinterstengt | ca. 15. oktober - ca. 1. juni | ||
| Fjellområde | Dei franske Alpane | ||
| Profil | |||
| Klatrekategori | HC | HC | |
| Stigning (snitt) | 7,7 % (1 226 m / 16 km) | 6,9 % (587 m / 8,5 km) | |
| Stigning (maks) | 10 % | 12 % | |
Høgdeprofil på nordsida, vi ser òg Col du Télégraphe | |||
| Kart | |||
|
| |||
| Koordinatar | 45° 3′ 50″ N, 6° 24′ 29″ AKoordinatar: 45° 3′ 50″ N, 6° 24′ 29″ A | ||
Col du Galibier (fransk for «Galibierpasset») er eit fjellpass i den franske delen av Alpane. Vegen over passet blei bygd i 1876 og er med ei høgd på 2 645 m den femte høgste asfalterte vegovergangen i Alpane (per 2007). Vegen D 902 som går over passet bind saman departementa Savoie i nord og Hautes-Alpes i sør; grensa går over passhøgda. Passet skil samstundes regionen Rhône-Alpes i nord frå regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur i sør.
Tour de France
[endre | endre wikiteksten]Saman med Alpe d'Huez som ligg i nærleiken, Mont Ventoux i Provence og Col du Tourmalet i Pyreneane, er Col du Galibier ein av dei mest kjente stigningane i Tour de France.

Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Kristian Bauer: Roadbook Tour de France, Bruckmann Verlag 2006, ISBN 978-3-765444-77-7
- Peter Leissl, Die legendären Anstiege der Tour de France, Covadonga 2004, ISBN 978-3-936973-09-9
- Philippe Bouvet, Philippe Brunel, Serge Laget, Philippe Le Men, Christian Naitslimane: Cols mythiques du Tour de France, L’Équipe 2005, ISBN 978-2-915535-09-9
Referansar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Informasjon for motorsyklistar på 4biker.eu Arkivert 2012-03-10 ved Wayback Machine.
- Informasjon for syklistar på quaeldich.de
- Foto og informasjon Arkivert 2012-06-26 ved Wayback Machine. på bastianwehler.de



