Commonwealth Trans-Antarctic Expedition

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ferguson TE20-traktorar under Commonwealth Trans-Antarctic Expedition 1955–58
Edmund Hillary pakkar ein sekk som ein del av ekspedisjonsførebuingane i Lower HuttNew Zealand, 1956.
Hillary (t.v.) med kontreadmiral George Dufek ved Scott Base rett før avreise frå stasjonen.
Hillary (t.v.) og Fuchs i Wellington etter tilbakekomsten frå Antarktis.

Commonwealth Trans-Antarctic Expedition 1955–58 (CTAE) var den første ekspedisjonen som kryssa det antarktiske kontinentet via Sørpolen. Ekspedisjonen var eit privat føretak, men mottok støtte frå styresmaktene i Storbritannia, New Zealand, USA, Australia og Sør-Afrika. Han vart leia av den britiske utforskaren Vivian Fuchs, medan Edmund Hillary leia den newzealandske støttegruppa på rosshavssida. Det var den første ekspedisjonen over land som nådde Sørpolen sidan Amundsen og Scott i 1911/12.

Fuchs vart adla for bragda. Den neste vellykka kryssinga av Antarktis vart ikkje gjennomført før i 1981 av Ranulph Fiennes.

Førebuingar[endre | endre wikiteksten]

Førebuingane til ekspedisjonen byrja i London i 1955. Den australske sommaren 1955–56 seglte Fuchs med ein fortropp frå London til Antarktis i den kanadiske selfangstskuta «Theron» for å etablere ein leir nær Vahsel Bay i Weddellhavet. Shackleton Base skulle vere utgangspunkt for den trans-antarktiske ekspedisjonen. «Theron» vart i likskap med sine forgjengarar i dette farvatnet, Shackleton sin «Endurance» og Filchner sin «Deutschland», innefrosen i isen. Trass i at skuta vart påført store skadar, var ho i stand til å kome laus for eiga maskin ved hjelp av Auster Antarctic-sjøflyet som viste veg ut av isen. I byrjinga av 1956 seglte Fuchs tilbake til London, medan åtte menn vart igjen og overvintra på Shackleton Base.

Dei åtte medlemmane av fortroppen vart leia av Kenneth Blaiklock og vart etterlatne på isen med berre telt og ein pakkasse som vern. Mesteparten av forsyningane vart lagt igjen på sjøisen om lag tre kilometer unna plassen der basen skulle etablerast. Den første oppgåva deira var å frakte alle desse forsyningane frå isen og byggje ein permanent tilfluktsstad for den føreståande vinteren. Straks noko mat og parafin hadde vorte frakta opp og hundane var trygt tjora ved basen starta bygginga av ei hytte. Dette viste seg å vere mykje vanskelegare enn dei hadde førestilt seg – ikkje berre var det utilstrekkeleg med åtte menn for å gjennomføre dei tunge oppgåvene utan mykje strev, men klimaet ved Shackelton Base var òg kaldare og meir vindfullt enn det dei hadde forventa. Då reisverket til hytta var sett opp, plasserte dei kassane med tak og veggpanel rundt bygget. Då vart dei overrumpla av ein snøstorm som varte i over ei veke. Temperaturen fall til –20 °C og det føyka så mykje at dei ikkje makta å arbeide utandørs. Dei søkte lya i pakkassa og sov i telta som stadig stod i fare for å bli gravlagd i fokksnø. Då vinden omsider løya hadde alle dei store trekassene med panel vorte dekt av eit tjukt snølag og hytta var fylt med snø. Sjøisen hadde brote opp og forsvunne med resten av forsyningane, inkludert mat, drivstoff, eit par hytter og ein traktor.

Mennene freista å berge kassane ved å grave tunnelar i snøen. Desse tunnelane viste seg å vere veleigna som hundehus og verna hundane mot den uventa harde vinteren ved Shackleton Base. Gruppa på åtte klarte seg gjennom ein streng vinter, og var i relativt god form då våren kom. Dei var i stand til å fullføre bygginga av hytta, som hadde eit hol i taket fordi ein del av takpanelet aldri vart funne.

Dei makta å gjennomføre nokre turar for å fange selar til hundane og finne ei eigna rute sørover. Dei nytta hundar og Weasel-traktoren, medan Sno-Caten dei hadde med ikkje ville fungere skikkeleg.

Gjennomføring[endre | endre wikiteksten]

I desember 1956 var Fuchs tilbake ved Shackleton Base med det danske polarfartøyet «Magga Dan» og ytterlegare forsyningar. Sommaren 1956–57 vart nytta til å konsolidere basen og etablere den mindre South Ice-basen på innlandsisen om lag 480 kilometer lenger sør.

Etter å ha vore vinteren 1957 ved Shackleton Base, starta Fuchs den transantarktiske ferda i november 1957 med ei gruppe på 12 menn og seks beltekøyretøy: tre Sno-Catar, to Weaselar og ein spesialtilpassa Muskeg-traktor. Under ekspedisjonen hadde gruppa òg i oppdrag å utføre vitskaplege oppgåver, blant anna seismiske undersøkingar og gravimetriske målingar.

Parallelt med aktiviteten ved Shackleton Base etablerte Edmund Hillary si gruppe Scott Base, Det endelege målet til Fuchs, ved McMurdo Sound på den andre sida av kontinentet. Ved hjelp av tre ombygde Massey Ferguson TE20-traktorar[1] og ein Weasel hadde ei gruppe på fire menn, med Hillary som leiar, oppgåva med å finne ei rute opp Skeltonbreen og vidare over Polarplatået mot Sørpolen. Det vart lagt ut ei rekkje depot med forsyningar til Fuchs. Det vart òg gjennomført geologiske undersøkingar i områda rundt Rosshavet og i Victoria Land.

Opphavleg var det ikkje meininga at Hillary skulle fortsetje heilt fram til Sørpolen, men då han hadde fullført depotlegginga såg han høvet for å nå dit før Fuchs. Han nådde polen, der den amerikanske Amundsen-Scott-basen nyleg var vorte etablert, den 3. januar 1958. Hillarys gruppe var den tredje som nådde Sørpolen over land (etter Amundsen i 1911 og Scott i 1912), og markerte òg første gongen køyretøy vart nytta for å nå Sørpolen.

Fuchs si gruppe nådde Sørpolen frå motsett retning eit par veker seinare, 19. januar 1958. Fuchs fortsette langs ruta Hillary hadde staka ut, medan Hillary vart floge tilbake til Scott Base i eit amerikansk fly. Seinare vart han floge ut og følgde Fuchs på den siste biten av polkryssinga. Dei nådde omsider Scott Base 2. mars 1958 etter å ha tilbakelagt 3 473 kilometer i løpet av 99 dagar. Nokre dagar seinare forlét ekspedisjonsmedlemmene Antarktis, og seglte med HMNZS «Endeavour» til New Zealand.

Sjølv om store mengder forsyningar vart frakta over isen, var begge gruppene utstyrt med småfly og gjorde omfattande bruk av desse til rekognosering og depotutlegging. I tillegg mottok ekspedisjonen støtte frå amerikansk personell som var stasjonert i Antarktis. Begge gruppene hadde dessutan med seg sledehundar som vart nytta på feltekspedisjonar og utgjorde ei reserveløysing i tilfelle beltekøyretøya skulle feile. Hundane vart derimot ikkje med heilt til Sørpolen. I desember 1957 flaug fem menn frå ekspedisjonen eit av flyene, ein de Havilland Canada Otter, på ein elleve timar lang non-stop flyging på tvers av det antarktiske kontinentet, meir eller mindre etter same rute som ekspedisjonsgruppa til Fuchs.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Commonwealth Trans-Antarctic Expedition» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2013.
  • Fuchs, Vivian og Hillary, Edmund (1958): The Crossing of Antarctica, The Commonwealth Trans-Antarctic Expedition 1955-58, Cassell, London
  • Hillary, Edmund (1961): No Latitude for Error, Hodder & Stoughton, London
  • Antarctic - A News Bulletin, v1. No. 8., s. 184-189, New Zealand Antarctic Society, desember 1957

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Dokumentarfilm om ekspedisjonen, Antarctic Adventure, 1957, på New Zealand history online: Del 1, 2, 3 og 4.