Condor Peninsula
Condor Peninsula | |||
halvøy | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 71°46′S 61°30′W / 71.767°S 61.500°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Condor Peninsula 71°46′00″S 61°30′00″W / 71.7667°S 61.5°W | |||
Condor Peninsula er ei fjellrik, isdekt halvøya, 30 nautiske mil lang og 10 til 15 nautiske mil brei, mellom Odomfjorden og Hiltonfjorden på austkysten av Palmer Land. Halvøya vart oppdaga og fotografert frå lufta i løpet av United States Antarctic Service (USAS) sin flytur med «Condor» den 30. desember 1940 frå East Base med Black, Snow, Perce, Carroll og Dyer ombord. Ho vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names etter det dobbelmotora Curtiss-Wright Condor som gjorde fleire fotografiturar over Den antarktiske halvøya, George VI Sound, Aleksanderøya, Charcot Island og Bellingshausenhavet. Halvøya vart kartlagd i detalj av United States Geological Survey i 1974.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Condor Peninsula». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 6. januar 2013.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Condor Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).