Cornelia Oschkenat
Cornelia Oschkenat | |
Statsborgarskap | Tyskland, Den tyske demokratiske republikken |
Fødd | 29. oktober 1961 (63 år) Neubrandenburg |
Idrett | friidrett |
Tok del i | athletics at the 1988 Summer Olympics – women's 100 metres hurdles, 1983 World Championships in Athletics – women's 100 metres hurdles, 1987 World Championships in Athletics – women's 100 metres hurdles, 1987 World Championships in Athletics – women's 4 × 100 metres relay, 1982 European Athletics Championships – women's 100 metres hurdles, 1986 European Athletics Championships – women's 100 metres hurdles, 1990 European Athletics Championships – women's 100 metres hurdles, 1985 European Athletics Indoor Championships – women's 60 metres hurdles, 1986 European Athletics Indoor Championships – women's 60 metres hurdles, 1988 European Athletics Indoor Championships – women's 60 metres hurdles |
Utmerkingar | Fedrelandets fortjenstorden i sølv |
Cornelia Oschkenat, fødd Riefstahl, (fødd 29. oktober 1961) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Neubrandenburg som representerte Aust-Tyskland til 1990. Ho vann sølv på 100 meter hekk ved europameisterskapen 1986 og bronse i øvinga under verdsmeisterskapen 1987, der ho også fekk sølv med det austtyske mannskapet i 4 x 100 m stafett. I tillegg sigra ho på 60 meter hekk ved tre innandørs-EM.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Cornelia Riefstahl høyrde til verdseliten på 100 meter hekk frå 1983. Som Cornelia Oschkenat vann ho 60 meter hekk ved hall-EM 1985 i Aten. Denne meistertittelen forsvarte ho ved hall-EM 1986 i Madrid og hall-EM 1988 i Budapest. I det mellomliggande 1987 vann ho øvinga ved hall-VM 1987 i Indianapolis.
Oschkenat sprang inn til sølvmedalje på 100 meter hekk under Friidretts-EM 1986 i Stuttgart, verdsrekordhaldaren Jordanka Donkova frå Bulgaria var i eiga klasse. 11. juni 1987 presterte Oschkenat personbeste med tida 12,45 sekund ved eit stemne i Neubrandenburg. Utover sommaren sprang ho fleire sterke hekkeløp. Under verdsmeisterskapen i Roma i september kom ho med tida 12,46 i mål til bronsemedalje, like bak landskvinna Gloria Uibel, bulgarske Ginka Zagortsjeva vann med god margin. I den same meisterskapen tok Oschkenat seg av den andre etappen for det austtyske laget i 4 x 100 meter stafett; Silke Gladisch, Kerstin Behrendt og Marlies Göhr. Ved EM 1990 enda Oschkenat på fjerdeplassen, to hundredels sekund attom bronsevinnaren.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1982 i Aten: Utslått i semifinalane (13,07=nr 10)
- VM 1983 i Helsinki: Nr 7 – 12,94
- EM 1986 i Stuttgart: Sølvmedalje – 12,55, bakom Jordanka Donkova (12,38)
- VM 1987 i Roma: Bronsemedalje – 12,46. Sølv i 4 x 100 m stafett
- OL 1988 i Seoul: Nr 8 – 13,73
- EM 1990 i Split: Nr 4 på korthekken – 12,94
- VM 1991 i Tokyo: Utslått i kvalifiseringa (13,55=nr 33)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cornelia Oschkenat» frå Wikipedia på tysk, den 6. juni 2021.