Costa Daurada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Costa Daurada

Costa Daurada (spans Costa dorada, tyder «Gullkysten») er ein 216 km lang del av kysten av Catalonia i Spania i comarques Baix Penedès, Tarragonès, Baix Camp og Baix Ebre. Kysten er eit viktig turistområde.

Opphavet til namnet kjem av dei gylne strendene som trekk så mange turistar til området. Sanden i seg sjølv kjem av erosjon av landet innanfor på grunn av avskoging i mellomalderen og seinare. Flaum fører med seg elvepartiklar seg til kysten, og sidan det er minimalt med tidvatn i området, har strendene endra seg lite.

Dei fleste av byane på Costra Daurada har sine eigne strender som dei lokale innbyggjarane nyttar året rundt og turistane nyttar i turistsesongen frå mai til oktober. Salou vert ofte rekna som hovudbyen på Costa Daurada og har ein infrastruktur som er bygd for turismen. Folketalet her varierer frå 15 000 om vinteren til 250 000 om sommaren.

Fiske er òg ei viktig næring i området, hovudsakleg med base i byane Tarragona og Cambrils.

I sørvest vert kysten meir kupert og byane mindre. Den sørlege grensa til regionen er markert av deltaet til elva Ebro.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Costa Daurada

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 41°00′43″N 0°55′56″E