Croz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Croz
Studioalbum av David Crosby
Språk engelsk
Utgjeve 28. januar 2014
Innspelt 2011–2013
Sjanger Rock
Lengd 47:03
Selskap Blue Castle Records
Produsent Daniel Garcia, David Crosby, James Raymond
David Crosby-kronologi 
Voyage
(2006)
Croz Lighthouse
(2016)


Croz er det fjerde studioalbumet til den amerikanske musikaren David Crosby. Albumet kom ut 28. januar 2014 på Blue Castle Records.[1][2] Det var det første soloalbumet til Crosby på 20 år.[3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I eit intervju frå november 2013 med Rolling Stone snakka Crosby om albumet og sa «Eg ønskte å utfordre meg sjølv. Dei fleste karane på min alder ville spelt inn coverlåtar eller duettar av gamle songar. Dette kjem ikkje til å bli ein stor hit. Det vil truleg selje nitten eksemplar. Eg trur ikkje ungdomen vil like det, men eg lagar det ikkje for dei. Eg lagar det for meg. Eg har ting eg må lette frå hjartet mitt.»[4] Han snakka òg om kvifor dei valde å gje ut albumet sjølvstendig og sa: «Me hadde ikkje pengar. Ingenting. Me kunne gått og fått oss ein avtale, men alle i musikkindustrien er særs på vakt ovanfor dei store selskapa og kva slags levetid dei kunne hatt. Folk flest gjer det på eiga hand, så det gjorde me òg.»[4]

I same intervjuet forklarte han at «If She Called» var inspirert av ei gruppe prostituerte som han såg nær hotellet sitt i Belgia og sa: «Det var kaldt ute og dei hadde desse tynne beina. Dei prøvde å lokke desse fulle dyra til å ha sex med seg. Det var så ekkelt. Så trist. Eg tenkte at desse jentene hadde kome frå Kosovo eller ein slik stad og dei arbeidde seg vestover og prøvde å kome seg unna det som skjedde midt i Europa. Men det er heilt oppdikta. For det meste tenkte eg på kvar dei gøymer hjarta, sjela og anda si når dei held på. Korleis koplar dei frå? Du kan vere heilt sikker på at det er det dei gjer.»[4]

Han snakka òg om kva «Set That Baggage Down» var inspirert av og sa: «Det er noko du lærer hos AA. Eg gjekk der i fjorten og eit halvt år. Du må sjå på kva som fekk deg der. Du må sjå på feila og eg har gjort nokre fryktelege, og så må du lære av dei, fine ut korleis du ikkje skal hamne der igjen. Du må setje frå deg bagasjen og gå vidare. Om du brukar heile livet på å sjå deg over skuldra på ting du har gjort gale, så kjem du til å smelle inn i eit tre.»[4] Han fortalte om korleis han fekk Mark Knopfler til å spele gitar på «What's Broken» og sa: «Det var særs sjenerøst av Mark. Me sende han songen og han gjorde det fantastisk. Han gjorde meg ei stor teneste og me kjenner ikkje kvar andre ein gong. Han er berre glimrande.»

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic71/100[5]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[6]
Drowned in Sound6/10[7]
The Independent3/5 stars[8]
musicOMH3/5 stars[9]
The Oakland Press3/4 stars[10]
The Observer4/5 stars[11]
USA Today3/4 stars[12]

Croz fekk generelt gode meldingar frå musikkritikarane. På Metacritic, som gjev ein normalisert rating opp til 100, fekk albumet 71 poeng basert på 11 meldingar.[5] Stephen Thomas Erlewine frå AllMusic gav albumet tre og ei halv av fem stjerner og sa «At Croz føretrekkjer vissheit føre den uhindra melankolien på If I Could Only Remember My Name syner kvar han står i 2014: han er klar over at han byggjer vidare på ei fortid han stundom lengtar etter, men er rastlaus nok til å dra inn i nytt territorium, men berre når han er omgjeve av koselege, kjende ramer.»[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«What's Broken»James Raymond3:48
2.«Time I Have»David Crosby3:49
3.«Holding On to Nothing»David Crosby, Sterling Price3:41
4.«The Clearing»James Raymond4:00
5.«Radio»David Crosby, James Raymond3:45
6.«Slice of Time»David Crosby, Marcus Eaton, James Raymond4:16
7.«Set That Baggage Down»David Crosby, Shane Fontayne4:01
8.«If She Called»David Crosby4:59
9.«Dangerous Night»David Crosby, James Raymond5:57
10.«Morning Falling»David Crosby, James Raymond3:41
11.«Find a Heart»David Crosby, Marcus Eaton, James Raymond5:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • David Crosby – solovokal, elektrisk gitar (8)
  • Todd Caldwell – Hammond B-3 orgel (2)
  • Steve DiStanislao – trommer (1, 2, 4, 5, 6, 9, 11), perkusjon (2, 4, 11)
  • Marcus Eaton – akustisk gitar (1-7, 9, 11), korvokal (1, 2, 4-7, 9, 11), elektrisk gitar (4), elektrisk sitar (4), 12-strengs akustisk gitar (8)
  • Shane Fontayne – elektrisk gitar (2, 4, 6, 7, 9), bassgitar (7), perkusjon (7) , korvokal (7)
  • Mark Knopfler – elektrisk gitar (1), gitarsolo (1)
  • Wynton Marsalis – trompet (3)
  • Kevin McCormick – bassgitar (2, 6), bandlaus bass (3)
  • James Raymond – akustisk piano (1, 2, 5, 6, 9, 10, 11), Fender Rhodes (1, 3, 11), synthesizer (1, 4, 5, 6, 9, 10, 11), synthbass (1, 4, 5, 7, 9, 10), virtuell pedalsteel (1), perkusjonsprogrammering (1), korvokal (2, 5, 9), trommeprogrammering (4, 7, 9, 10), sampla akustiske og elektriske gitarar (4), sampla akustisk gitar (10)
  • Leland Sklar – bassgitar (11)
  • Steve TavaglioneEWI (10), sopransaksofon (11)

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsentar – Daniel Garcia, David Crosby og James Raymond.
  • Innspelt og miksa av Daniel Garcia
  • Assisterande lydteknikarar – Bil Lane, Eddy Santos, Glen Suravech og Rich Tosi.
  • Lydteknikar for B3-orgel på spor 2 – Kevin Madigan
  • Lydteknikar for trompet på spor 3 – Jeffrey Jones
  • Innspelt i The Bamboom Room (Altadena, CA); Radio Hill Recorders (Los Angeles, CA); Rumor Mill Recording (Santa Ynez, CA); Groove Masters (Santa Monica, CA); Jazz At Lincoln Center (New York, NY).
  • Master av Doug Sax og Robert Hadley i The Mastering Lab (Ojai, CA).
  • Kunstnarisk leiar og design – Brian Porizek
  • Fotografi – Daniel Garcia, Marcus Eaton og Buzz Person.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2014) Plassering
Spanske album (PROMUSICAE)[13] 97
US Billboard 200[14] 36

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «iTunes - Music - Croz by David Crosby». Itunes.apple.com. Henta 25. januar 2019. 
  2. «Croz: Music». Amazon.com. Henta 25. januar 2019. 
  3. ««CROZ», David Crosby’s First Solo Studio Album in 20 years, Set for Release in January». David Crosby. Arkivert frå originalen 14. mars 2014. Henta 25. januar 2019. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Andy Greene (5. november 2013). «David Crosby Announces New Solo Album 'Croz' | Music News». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 13. oktober 2017. Henta 25. januar 2019. 
  5. 5,0 5,1 «Croz Reviews». Metacritic. 24. januar 2014. Henta 25. januar 2019. 
  6. 6,0 6,1 Erlewine, Stephen Thomas (27. januar 2014). «Croz - David Crosby : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 25. januar 2019. 
  7. Lavery, Aaron (21. januar 2014). «Album Review: David Crosby - Croz». Drowned in Sound. Arkivert frå originalen 27. januar 2014. Henta 25. januar 2019. 
  8. Gill, Andy (25. januar 2014). «Platemeldingar: Asgeir, Sheryl Crow, Drowners, Bill Callahan, David Crosby, Snowbird - Reviews - Music». The Independent. Henta 25. januar 2019. 
  9. Welsh, David (22. januar 2014). «David Crosby – Croz». musicOMH. Henta 25. januar 2019. 
  10. Graff, Gary (27. januar 2014). «The Listening Room: David Crosby, the Autumn Defense and more». The Oakland Press. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 25. januar 2019. 
  11. Woodcraft, Molloy (26. januar 2014). «David Crosby: Croz – review». The Observer. Henta 25. januar 2019. 
  12. Jerry, Shriver (27. januar 2014). «Album of the week: David Crosby's 'Croz'». USA Today. Henta 25. januar 2019. 
  13. "{{{artist}}} – Croz". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 25. januar 2019.
  14. "{{{artist}}} Album & Song Chart History" Billboard 200 for {{{artist}}}. Prometheus Global Media. Henta 25. januar 2019.