Hopp til innhald

Cupfinalen i fotball 2000/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cupfinalen i fotball 2000 var den 93. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Odds Ballklubb frå Skien vart noregsmeister for tolvte gong, 69 år etter den forrige triumfen, då laget vann 2–1 over Viking Fotballklubb frå Stavanger. Finalekampen vart spelt 29. oktober 2000 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 24 864 tilskodarar. Frode Kvam frå Strindheim IL dømde kampen.

Viking tok leiinga straks før pause, sidebacken Bjørn Dahl sleiva ballen inn ved stolperota. Odd utlikna då Viking-stopparen Hannu Tihinen beina ballen i eige nett i det 65. minutt. Ingen fleire mål kom i ordinær tid. Etter ein mållaus fyrste ekstraomgang, kom danske Christian Flindt-Bjerg innpå og vart matchvinnar med ei fin skåring då kampen var 106 minutt gammal.

Odd-heltane omfatta Erik Holtan, Alexander Aas, Jan Frode Nornes, Bård Borgersen, Ronny Deila, Morten Fevang, Erik Pedersen, Sami Mahlio, Espen Hoff, Kim Larsen og Thomas Røed. Anders Rambekk kom i spel etter den ordinære pausen, ut gjekk Nornes. Sidan fekk Tor Gunnar Johnsen plassen til Hoff i det 75. minutt, og danske Christian Flindt-Bjerg spelte 2. ekstraomgang i staden for Fevang.

Viking valde å mønstre Lars Gaute Bø, Bjørn Dahl, Hannu Tihinen, Audun Helgason, Thomas Pereira, Morten Berre, Bjørn Berland, Bjarte Aarsheim, Erik Fuglestad, Erik Nevland, Ríkharður Daðason. Berland vart skadd og Gunnar Aase kom på bana i det 27. minutt, åtte før ekstraomgangane var over tok Jørgen Tengesdal plassen hans. Nevland steig av etter 74 minutt, Tom Sanne kom innpå.