Cupvinnarcupfinalen i fotball 1971

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1971 fann stad på Karaiskakis-stadion i Aten[1][2]. London-laget Chelsea FC vann finalen, den 11. i sitt slag, etter laget i den fyrste finalen 19. mai spelte 1-1 mot Real Madrid, og Chelsea vann omkampen den 21. mai med siffera 2-1. 42 000 tilskodarar var til stades på den fyrste kampen, medan 19 917 såg det avgjerande oppgjeret.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Peter Osgood gav Chelsea leiinga i det 56. minutt den 19. mai, og Ignacio Zoco utlikna for Real Madrid heilt på tampen av ordinær tid. I omkampen sende John Dempsey og Osgood Chelsea opp i leiing 2-0 til pause, skåringane kom etter 32 og 38 minuttar. Ein halvtime ut i den andre omgangen reduserte Sebastián Fleitas til 1-2, fleire mål kom ikkje.

Rudolf Scheurer dømde den fyrste finalekampen og Anton Bucheli den andre, begge dommarane var frå Sveits.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Vinnarane frå Chelsea FC var Peter Bonetti, John Boyle, David Webb, John Dempsey, Ron Harris (kaptein), Charlie Cooke, Alan Hudson, Keith Weller, Tommy Baldwin, Peter Osgood, Peter Houseman, John Hollins, Paddy Mulligan, Derek Smethurst.

Real Madrid mønstra: Jose Luis Borja, José Luis López, Ignacio Zoco, Gregorio Benito, Fernando Zunzunegui, Manuel Velázquez, Pirri Martínez (kaptein), Ramón Grosso, Sebastián Fleitas, Amancio Amaro, Manuel Bueno, Toni Grande, Francisco Gento, Miguel Pérez.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The emperors of Athens: how Chelsea won the Cup Winners' Cup in 1971», These Football Times (på engelsk), 14. desember 2018, henta 5. juli 2019 
  2. «UEFA Cup Winners' Cup: 1970/71 | Official Site | Chelsea Football Club», ChelseaFC, henta 5. juli 2019