Amancio Amaro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amancio Amaro
Amancio Amaro 1971.jpg
Fødd 16. oktober 1939
La Coruña
Amancio Amaro på Commons

Amancio Amaro Varela (fødd 16. oktober 1939), til dagleg einast Amancio, er ein spansk tidlegare fotballspelar frå La Coruña i Galicia som vart europameister med Spania i 1964 og vann europacupen i fotball med Real Madrid i 1966.

Amancio i 1973

Amancio spelte på Deportivo La Coruña i heimbyen frå 1958 til 1962. Sommaren 1962 vart han overført til Real Madrid mot 10 millionar pesetas. Med Real vann han ni seriemeistertitlar og tre cup-pokalar.

Amancio debuterte på det spanske landslaget i 1962 og spelte sin 42. og siste landskamp i 1974. Under EM i fotball 1964 var han ein av dei beste spelarane på trofevinnarane Spania. Han skåra i alt 11 frå sin posisjon som høgreveng.

Han la opp i 1976.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1964 med Spania
  • Europacupvinnar: 1966 på Real Madrid
  • Spansk seriemeister: 1963-1969, 1972 og 1975-1976 på Real Madrid (9)
  • Spansk cupmeister: 1970, 1974 og 1975 på Real Madrid (3)