Ignacio Zoco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ignacio Zoco
Ignacio Zoco (1971).jpg
Ignacio Zoco i 1971
Fødd 31. juli 1939
Garde
Død

28. september 2015
Madrid

Yrke fotballspelar
Ignacio Zoco på Commons

Ignacio Zoco Esparza (31. juli 193928. september 2015) var ein spansk fotballspelar frå landsbyen Garde i Navarra som vart europameister med Spania i 1964 og vann europacupen i 1966 med Real Madrid. Gjennom tolv sesongar i Real Madrid var han også med å vinne det spanske seriemeisterskapet sju gongar.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Zoco spelte tredjedivisjonsfotball 1957-59 med amatørlaget Oberena. Etter han vart overført til Osasuna fekk han sin debut i La Liga i januar 1960. Då klubben rykte ned ved sesongslutt vart det andredivisjonsfotball i to sesongar. Sommaren 1962 vart Zoco overført til Real Madrid der han var aktiv til han la opp i 1974. Med Real Madrid vart han seriemeister sju gongar i tida 1963-72. Våren 1966 var han med å vinne europacupfinalen med 2-1 over Partizan Beograd. Fem år seinare tapte Real Madrid og Zoco for London-laget Chelsea FC omkampen i finalen i Cupvinnarcupen 1971. Både i 1970 og 1974 vann Real Madrid den spanske cupfinalen, i den siste finalen kom Zoco inn på bana i sluttminuttane i det som var hans aller siste fotballkamp. I alt spelte Zoco 318 ligakampar for laget frå den spanske hovudstaden.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Zoco spelte fem landskampar i 1961, men kom ikkje med i VM-troppa 1962. I juni 1964 var han med på det spanske landslaget som vann EM i fotball 1964, etter 2-1-sigrar mot Ungarn i semfinalen og Sovjetunionen i finalen. Han spelte alle tre kampane då Spania rauk ut or Fotball-VM 1966 i England, i den siste kampen var han for fyrste gong kaptein. Sidan spelte han to landskampar i 1968 og den 25. og siste i februar 1969, atter som kaptein. Zoco skåra sitt einaste landslagsmål då Spania den 1. desember 1963 i Valencia tapte 1-2 mot Belgia i ein vennskapskamp.

Real Madrid-laget 1966 med Ignacio Zoco ståande heilt til høgre

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1964 for Spania
  • Europacupvinnar: 1966 med Real Madrid
  • Spansk seriemeister: 1963, 1964, 1965, 1967, 1968, 1969 og 1972 med Real Madrid
  • Spansk cupmeister: 1970 og 1974 med Real Madrid
  • Finaletap i cupvinnarcupen: 1971 med Real Madrid

Kjelder[endre | endre wikiteksten]