Cupvinnarcupfinalen i fotball 1983

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1983 fann stad på Nya Ullevi i Göteborg 11. mai 1983, framfor 17 804 tilskodarar. Det skotske laget Aberdeen FC vann finalen, den 23. i sitt slag, etter ekstraomgangar med 2 mål mot 1 for spanske Real Madrid.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

lagoppstillingane

Eric Black sende Aberdeen i føringa i det 7. minutt, sju minuttar seinare utlikna Juanito Gómez på straffespark. Så gjekk det nesten 100 minuttars spel før det tredje og avgjerande målet kom; i det 112. minutt vart innbytaren John Hewitt matchvinnar for skottane med ei heading.

Gianfranco Menegali frå Italia dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Aberdeen sitt vinnarlag: Jim Leighton, Doug Rougvie, Alex McLeish, Willie Miller (kaptein), John McMaster, Neale Cooper, Gorodn Strachan, Neil Simpson, Peter Weir, Eric Black og Mark McGhee. Målskårar Black vart bytta ut med komande matchvinnar John Hewitt i det 87. minutt.

Real Madrid mønstra: Agustín Rodríguez, Juan José Jiménez, John Metgod, Paco Bonet, José Antonio Camacho, Ángel de los Santos, Ricardo Gallego, Uli Stielike, Isidro Díaz, Juanito Gómez og Santillana Alonso. Isidoro San José spelte ekstraomgangane i staden for Camacho og Pepe Salguero tok plassen til Isidro Díaz frå det 103. minutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]