José Antonio Camacho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
José Antonio Camacho
Personleg informasjon
Fullt namn José Antonio Camacho Alfaro
Fødd 8. juni 1955 (68 år)
Fødestad Cieza i Spania
Høgd 174 cm
Posisjon Venstreback
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1972-1973 Albacete
1973-1974 Real Madrid B 
1973-1989 Real Madrid 414 (9)
Landslag
1975-1988 Spania 81 (0)
Trenar for
1992-1993 Rayo Vallecano
1994-1996 Espanyol
1996-1997 Sevilla
1997-1998 Espanyol
2002-2004 Benfica
2004-2005 Real Madrid
2007-2008 Benfica
2009-2011 Osasuna
Landslagstrenar for
1998-2002 Spania
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

José Antonio Camacho Alfaro, mest kjend som Camacho (fødd 8. juni 1955), er ein tidlegare spansk fotballspelar frå Cieza. Han spelte under hele karrieren sin i Real Madrid i over 400 La-Liga kampar bortsett frå då han var ankelskadd i to år. Han spelte 81 landskampar for Spania og han deltok i VM i 1982 og 1986 og i EM i 1984 og i 1988.

Etter å ha lagt fotballskoa på hylla i 1989 så var han i Real Madrids trenarstab. Han var siden trenar for tre andre spanske ligaklubbar, og greidde å få til at to av dei rykka opp Espanyol og Rayo Vallecano - til øverste divisjon. Han var også trenar for Real Madrid ein kort periode i (22 dagar). Camacho tok over Spanias landslag i september 1998 etter at dei hadde tapt ein EM-kvalifiseringskamp mot Kypros med 3-2. Han tok over etter Javier Clemente. Spania nådde kvartfinalen i meisterskapen men tapte for dei seinare meistrane Frankrike.

To år seinare tapte Spania mot Sør-Korea i kvartfinalen i VM 2002. Camacho slutta deretter som landslagssjef og blei erstatta av Iñaki Sáez. Etter dette blei Camacho utnemnd til trenar for Benfica den 29. november 2002. To år seinare vann Benfica den portugisiske cupen mot José Mourinhos FC Porto. Dei kom også på andreplass i den portugisiske serien. Camacho blei veldig populær blant Benficas tilhengarar takk vere si sterke og profesjonelle haldning, som han også gav over til spelarane. Han viste også ei menneskeleg og oppriktig side av seg sjølv då han gret djupt etter at Miklós Féher døydde medan han var innbyttar.

Camacho blei nok ein gong trenar for Real Madrid og tok over etter Carlos Queiroz ting begynte ikkje bra då klubben tapte 3-0 for Bayer Leverkusen i Meisterligaen og med 1-0 mot Espanyol bare nokre dagar seinare. Kort tid etter sa han opp som trenar og blei erstatta av sin assistent Mariano García Remón.

Camacho tok snart over som trenar for Benfica igjen, men forlét klubben igjen den 9. mars 2008 etter eit uavgjort resultat mot botnlaget União de Leiria. Den 13. oktober 2008, etter at José Ángel Ziganda fekk sparken, blei Camacho ny trenar for Osasuna.