Cupvinnarcupfinalen i fotball 1997

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1997 fann stad på Stadion Feijenoord i Rotterdam 14. mai 1997, framfor 36 802 tilskodarar. FC Barcelona vann finalen, den 37. i sitt slag, med siffera 1-0 mot Paris Saint-Germain.

Kampen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane

Eitt straffesparkmål, sett inn av brasilianaren Ronaldo i det 38. minutt, var det som skilde laga då sluttsignalet lydde.

Markus Merk frå Tyskland dømde kampen.

Laga[endre | endre wikiteksten]

FC Barcelona sitt vinnarlag bestod av: Vítor Baía, Albert Ferrer, Abelardo Fernández, Fernando Couto, Sergi Barjuán, Gheorghe Popescu (kaptein), Pep Guardiola, Luís Figo, Iván de la Peña, Ronaldo Lima og Luis Enrique Martínez. Kaptein Popescu vart bytta ut i pausa, inn kom Guillermo Amor. I sluttminuttane steig fyrst Iván de la Peña og så Luis Enrique Martínez av grasmatta, deira plassar tok Hristo Stoitsjkov og Juan Antonio Pizzi.

Paris Saint-Germain stilte med: Bernard Lama, Laurent Fournier, Bruno N'Gotty, Paul Le Guen, Didier Domi, Jérôme Leroy, Vincent Guérin, Benoît Cauet, Raí Oliveira, Patrice Loko og Leonardo Araújo. Etter 57, 67 og 77 minuttars spel entra høvesvis Jimmy Algerino, Julio Dely Valdés og Cyrille Pouget bana. Ut etter tur forsvann Fournier, Guérin og Loko.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]