Ronaldo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ronaldo må ikkje forvekslast med den portugisiske fotballspelaren Cristiano Ronaldo eller den brasilianske fotballspelaren Ronaldinho.
Ronaldo
Ronaldo Nazário.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Ronaldo Luiz Nazário de Lima
Kallenamn Ronaldo
Fødd 22. september 1976
Fødestad Rio de Janeiro
Høgd 183 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1993
1994-1996
1996-1997
1997-2002
2002-2007
2007-2008
2009-2011
Brasil Cruzeiro
Nederland PSV Eindhoven
Spania FC Barcelona
Italia Internazionale
Spania Real Madrid
Italia AC Milan
Brasil Corinthians
14 (12)
46 (42)
37 (34)
68 (49)
127 (83)
20 (9)
31 (18)
Landslag
1994-2011 Brasil Brasil 97 (62)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Ronaldo Luiz Nazário de Lima (fødd 22. september 1976) er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar frå Rio de Janeiro. Ronaldo var ein av verdas beste fotballspelarar i åra kring 2000.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Ronaldo sin sportskarriere starta som tiåring i eit lokalt brasiliansk lag. I 1993 starta den vaksne karrieren hans i brasilianske Cruzeiro. Allereie året etter debuterte han for internasjonal fotball i nederlandske PSV Eindhoven. Same året kom han med på det brasilianske landslaget, som han spelte for heilt til han pensjonerte seg frå proff-fotballen. Han var med i troppen til Brasil både i Fotball-VM 1994, Fotball-VM 1998, Fotball-VM 2002 og Fotball-VM 2006, og skåra mål i dei tre seinaste meisterskapane. Brasil vann to av dei, i 1994 og 2002. I 2002 vart Ronaldo attpåtil toppskårar med åtte mål. Til saman skåra han heile femten mål i verdscupen, noko som er verdsrekord. Den førre rekorden var på fjorten mål, sett av Gerd Müller.

På klubbnivå spela han for fleire lag i Spania og Italia frå 1994 - 2008. I 2009 vendte han nasen heim att mot Brasil og spelte for klubben Corinthians dei siste åra av karrieren sin. Ronaldo trekte seg tilbake frå profesjonell fotball i 2011 grunna helseplager. Den siste kampen hans var ein venskapskamp mot Romania som fann stad i São Paulo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]