Curie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Curie er i fysikk ei måleining for aktiviteten til ei radioaktiv kjelde. Symbolet for curie er Ci.

Éin curie er definert som 37 milliardar desintegrasjonar (utsendte partiklar) per sekund. Det svarar til omtrent aktiviteten til 1 gram av radiumisotopen Ra-226.

Måleininga curie er lite brukt samanlikna med den avleidde SI-eininga becquerel (Bq), der 1 Bq svarar til 1 desintegrasjon per sekund. Samanhengen mellom Ci og Bq blir dermed:

1 Ci = 3,7  1010 Bq

og

1 Bq = 2,7  10−11 Ci

Eininga er kalla opp etter Marie Curie, ein av pionerane innan kjernefysikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]