Dødslekene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Denne artikkelen handlar om den fyrste boka i Dødslekene-serien. For heile serien, sjå Dødslekene-serien. For konkurransen serien handlar om, sjå Arrangementet Dødslekene.

Dødslekene (engelsk The Hunger Games) er den fyrste boka i trilogien Dødslekene av Suzanne Collins. Boka fekk for det meste positive tilbakemeldingar frå store lesarar og forfattarar, m.a. forfatterane Stephen King og Stephenie Meyer. Boka blei rost for handlinga og karakterane, men nokon anmelderar noterte likheten mellom Collins si bok og Koushun Takami sin roman, Battle Royale (1999).

Dødslekene har vunne mange prisar, inkludert California Young Reader Medal, og var kåra til ein av Publishers Weekly sine «Best Books of the Year» (Årets beste bøker) i 2008. Romanen var fyrst given ut i innbundet form den 14. september 2008, av Scholastic. Boka sitt omslag var designa av Tim O'Brien. Sidan det har boka blitt utgiven i pocket og som lydbok og ebok. Boka har blitt omset til 26 språk. Boka er den fyrste i Dødslekene-triologien, etterfylgt av Opp i flammer (2009) og Fugl Føniks (2010). I 2012 kom ei filmatisering ut, regissert av Gary Ross.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Collins sa ho fekk inspirasjon til triologien då ho såg etter noko å sjå på på TV.

Hanlding[endre | endre wikiteksten]

Dødslekene handlar om landet Panem, der det kvart år blir vald ut ei jente og ein gut (mellom 12-18 år) i kvart av dei 12 distrikta, som skal være med i Dødslekene. Det er ein konkurranse der desse ungdommane blir sendt ut på ein utandørs arena der dei må drepe kvarandre til det berre står ein levande igjen, til underholdning for innbyggjarane i Capitol.

Hovudpersonen, Katniss Everdeen, er nødd til å konkurrere når ho ofrar seg for veslesystera, Primrose. Ho må forlate venen Gale Hawthorne og møter Peeta Mellark.

Filmatisering[endre | endre wikiteksten]

Jennifer Lawrence spelar Katniss Everdeen. Lawrence var fire år gamlare enn karakteren når filminga byrja. Ho seier ho er ein fan av bøkene. Josh Hutcherson og Liam Hemsworth spelar Peeta Mellark og Gale Hawthorne. Filmen fekk 13-års aldersgrense. No har den aldersgrense 11 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Dødslekene-trilogien
Dødslekene

Film

Opp i flammer

Film

Fugl Føniks

Film 1 | Film 2

Hovudpersonar
Katniss Everdeen | Peeta Mellark | Storm Hawthorne
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.