D.H. Lawrence

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
D.H. Lawrence som 21-åring i 1906

David Herbert Richards Lawrence (fødd 11. september 1885 i Eastwood ved Nottingham, død 2. mars 1930 i Vence ved Cannes) var ein produktiv engelsk forfattar som ved sida av romanar skreiv dikt, essays, reiseforteljingar og teatermanus.

Lawrence sine meiningar skaffa han mange fiendar og han vart utsett for offentleg forfølging, sensur og feiltolking, og etter den første verdskrigen valde han å bu utanfor England. Då han døydde var den offentlege meininga at han var ein pornografisk forfattar som hadde kasta bort det store talentet sitt. Forfattaren E.M. Forster utfordra dette synet i ein nekrolog over Lawrence og karakteriserte han som «The greatest imaginative novelist of our generation.»[1] Den innflytelsesrike Cambridge-kritikaren F.R. Leavis løfta seinare fram både den kunstnarlege integriteten og den moralske overtydinga til Lawrence, og kanoniserte mykje av skjønnlitteraturen som tilhøyrande den store engelske romankunst-tradisjonen. I vår tid reknar mange Lawrence som ein visjonær tenkar og ein av dei viktige modernistiske forfattarane i engelsk litteratur.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Barndom og ungdom[endre | endre wikiteksten]

Lawrence var det fjerde barnet til Arthur John Lawrence, ein gruvearbeidar som knapt kunne lese, og Lydia Beardsall som var ei tidlegare skolelærarinne.[2] Frå 1906 studerte D.H. Lawrence blant anna pedagogikk ved Nottingham University College. Desse tidlege åra arbeidde han på sine første dikt, nokre noveller og eit utkast til ein roman, Laetitia, som seinare blei til The White Peacock (1911). Seint i 1907 vann han ei novellekonkurranse i avisa Nottingham Guardian; det var første gongen det litterære talentet hans fekk ei større merksemd. Etter å ha blitt uteksaminert tok han i 1908 ein lærarpost i Croydon ved London, men fekk tuberkulose og valde i 1911 å satse på ei karriere som heiltidsforfattar.

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

I mars 1912 møtte Lawrence Frieda Weekley, kona til ein tidlegare lærar. Ho var fødd von Richthofen og var ein fjern slektning av flygaresset Manfred von Richthofen, betre kjend som «Den raude baron». Dei vart hovudstups forelska og saman rømde dei til foreldreheimen hennar i Metz som den gongen høyrde til Tyskland. Lawrence blei arrestert klaga for å vere engelsk spion; det var hans første møte med militarismen. Han flytta til ein landsby sør for München der han og Weekley hadde si «bryllupsreise». Han mintest seinare dette opphaldet i diktsamlinga Look! We Have Come Through (1917).

Lawrence og Weekley reiste ei tid i Italia og han skildra denne tida i reiseskildringar som seinare vart publisert i essaysamlinga Twilight in Italy (1916). I Italia fullførde han den endelege versjonen av Sons and Lovers (1913) og under eit noko seinare opphald i same land byrja han på det første utkastet til eit skjønnlitterært verk han seinare omarbeidde til to av dei mest kjende romanane sine, The Rainbow (1915) og Women in Love (1920).

Ei tid budde paret i Zennor i Cornwall der han skreiv på Women in Love. Han utvikla eit tett venskap med bonden William Henry Hocking[3] som kan ha vore av seksuell karakter, i det minste trudde Lawrence si kone det. Lawrence var oppteken av temaet homoseksualitet og det tydelegaste uttrykket fekk det i Women in Love, kanskje som ei avspegling av eigen seksuell legning. I eit brev frå 1913 skreiv han: «I should like to know why nearly every man that approaches greatness tends to homosexuality, whether he admits it or not...»[4] Han skal òg ha skrive: «I believe the nearest I've come to perfect love was with a young coal-miner when I was about 16».[5]

Til slutt fekk Weekley ordna med skilsmålet, og rett før den første verdskrigen braut ut reiste dei tilbake til England der dei gifta seg 13. juli 1914. Lawrence oppheld seg i lengre tid i London og stifta kjennskap med imagistane, særleg Richard Aldington, som publiserte nokre av Lawrence sine artiklar i tidsskriftet sitt, The Egoist. På grunn av Lawrence sin sterke anti-militaristiske haldning og den tyske bakgrunnen til kona vart dei sett på med mistenksame auge i eit England i krig. The Rainbow (1915) blei forbode etter skuldingar om at boka hadde eit «usømeleg» innhald. Seinare blei dei skulda for spionasje og for å signalisere til tyske ubåtar utanfor Cornwall-kysten. På denne tida fullførte Lawrence Women in Love; her tek han oppgjer med dei destruktive kreftene i samfunnet gjennom fire hovudkarakterar som reflekterer over verdien av kunst, politikk, økonomi, seksuell erfaring, venskap og ekteskap. Det pessimistiske, bitre synet på mennesket gjorde det umogleg å få boka utgjeven under krigen, og den kom først ut i 1920. I dag gjer den dramatiske styrken og intellektuelle djupna i boka at den blir rekna som ei av dei store romanane i den engelske litteraturhistoria.

Lawrence blei kjend med Bertrand Russell i 1915, men etter nokre månader utvikla dei ein sterk gjensidig motvilje, som dei til dels gav uttrykk for i sine respektive skrifter. Lawrence karikerte til dømes Russell i The Blind Man og Women in Love. [6]

Militærstyresmaktene trakasserte Lawrence og Weekley jamleg, og seint i 1917 brukte dei krigslovene for å få dei til å forlate Cornwall. Lawrence beskreiv seinare forfølginga i eit sjølbiografisk kapittel i den «australske» romanen Kangaroo (1923). Paret budde no ulike stader, og dels på grunn av fattigdom måtte dei ofte flytte. Han skreiv den mest poetiske novella si, The Wintry Peacock, på denne tida.

Sjølvvald eksil[endre | endre wikiteksten]

Udatert passfoto

På grunn av dei traumatiske erfaringane i krigsåra forlét Lawrence England etter at krigen var over og starta på det han sjølv kalla si savage pilgrimage.[7] Han kom berre attende til heimlandet på to korte vitjingar, og resten av livet var han og kona nesten konstant på reise, frå 1919 gjennom fleire land i Europa og i Mexico og Australia.

Av nye romanar skreiv han The Lost Girl, og vann med den James Tait Black Memorial Prize for fiction. Dessutan skreiv han Aaron's Rod og fragmentet Mr Noon som først blei publisert i sin heilskap i 1984. Han eksperimenterte med kortromanar som The Captain's Doll, The Fox og The Ladybird, og nokre av novellene hans blei publisert i samlinga England, My England and Other Stories. Han skreiv òg ei mengd dikt med tema frå naturen som kom i Birds, Beasts and Flowers. Lawrence blir rekna som ein av de beste engelskspråklege forfattarane av reiselitteratur, eit døme er Sea and Sardinia der han skildrar livet til innbyggarane i denne delen av Middelhavsområdet.

I september 1922 kom Lawrence og kona til USA for å busette seg der. Lawrence bytta bort manuskriptet til Sons and Lovers mot ein ranch i Taos, New Mexico. Dei budde i USA i to år, og i denne tida skreiv han om att og publiserte Studies in Classic American Literature, ei samling kritiske essays som Edmund Wilson seinare karakteriserte som «one of the few first-rate books that have ever been written on the subject.» Lawrence skreiv òg ny skjønnlitteratur, som The Boy in the Bush, The Plumed Serpent og andre.

Lawrence var to gonger i Europa, på den siste reisa blei han så sjuk at han måtte avgrense reiseaktiviteten, og slo seg ned i nærleiken av Firenze. Han skreiv no The Virgin and the Gipsy og ulike versjonar av Lady Chatterley's Lover (1928). Sistnemnde er den siste av dei betydelege romanane hans, og den berre forsterka det tvilsame ryet han hadde i si eiga tid. Lawrence svara kritikarane og dei som hevda å ha blitt «krenkte» med ei stor mengd kritiske dikt som han gav ut under titlane «Pansies» og «Nettles».

Trass den sviktande helsa heldt Lawrence fram med å skrive. Dei siste månadane av livet sitt skreiv han fleire dikt, omtalar og essays, samstundes som han forsvara den siste boka si mot dei som freista å forby den. Det siste betydelege verket hans var ein refleksjon over Johannes' openberring, Apocalypse. Han døydde i Villa Robermond i Vence, Frankrike, av komplikasjonar etter tuberkulose. Oska hans blir oppbevart i eit lite kapell i New Mexico.

Ståstad[endre | endre wikiteksten]

Kritikaren og beundraren Terry Eagleton plasserer Lawrence på den radikale høgrefløya, han var fiendsleg innstilt til demokrati, liberalisme, sosialisme og likskapstanken, men han omfamna aldri fascismen.[8] Nokre av Lawrence sine synspunkt finn ein i breva hans til Bertrand Russell rundt 1915: han syner motvilje mot å frigjere arbeidarklassen, uttrykkjer fiendskap mot den nye arbeidarrørsla, skriv forakteleg om den franske revolusjonen ved å referere til slagordet «fridom, likskap og brorskap» som «the three-fanged serpent».[9] I staden for ein republikk, ville Lawrence ha ein totalitær diktator og likeins ei «diktatrise» til å herske over det vanlege folket.[10]

Gjennom heile livet utvikla Lawrence ein høgst personleg filosofi der fleire aspekt peikar fram mot motkulturen i 1960-åra. I ein upublisert innleiing til Sons and Lovers la han fram ein dualitet som var sentral i mykje av skjønnlitteraturen hans. Dette gjer han med referanse til treeininga. Etter kvart som filosofien utvikla seg bevega han seg vekk frå meir direkte kristne analogiar og nærma seg mystisisme, buddhisme og sjamanistiske tankesett. Lawrence var på mange måtar en forløpar for 1900-talets aukande interesse for det okkulte.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Lawrence er nok best kjend for romanane Sons and Lovers, The Rainbow, Women in Love og Lady Chatterley's Lover. I desse diskuterer han livstilhøva i industrialiserte samfunn og særleg korleis forhold mellom menneska kan utvikle seg i slike samanhangar. Sjølv om han ofte blir klassifisert som realist, kan det vere betre å forstå Lawrence sin bruk av litterære karakterar med utgangspunkt i filosofien hans. Måten han skildra seksuelle aktivitetar var sjokkerande for samtida hans, men røtene låg i den svært personlege måten han tenkte og var på. Til dømes interesserte Lawrence seg for haptisk kommunikasjon, dvs måten menneska kommuniserer ved berøring, og interessa hans for fysisk intimitet kom av eit ønske om å auke kroppen sin verde i den vestleg kulturen – den meinte han var for fokusert på intellektet.

Dei seinare åra av livet sitt utvikla Lawrence novellekunsten i St Mawr, The Virgin and the Gypsy og The Escaped Cock. I samlinga The Woman Who Rode Away and Other Stories (1928) utvikla han sine synspunkt på leiarskap som han òg diskuterte i romanane Kangaroo, The Plumed Serpent og Fanny and Annie.

Lawrence skreiv nesten 800 dikt, dei fleste ganske korte.

Litteraturkritikken til Lawrence gir ofte god innsikt i hans eigen tankegang og forfattarskap. Til dei viktigaste høyrer Study of Thomas Hardy and Other Essays og Studies in Classic American Literature. I sistnemnde er Lawrence sine svar til Walt Whitman, Herman Melville og Edgar Allan Poe av svært stor verde for å forstå Lawrence sine tekstar.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Med unntak av E.M. Forster sin nekrolog, var alle omtalane rett etter at han døydde uvenlege, ja rett fram fiendslege. Men det fanst dei som uttrykte ei positiv anerkjenning av livet og verka til forfattaren, til dømes Catherine Carswell som oppsummerte livet, litteraturen og karakteren hans i eit brev til magasinet Time and Tide publisert 16. mars 1930.[11] Aldous Huxley forsvarte Lawrence i innleiinga til ei brevsamling i 1932.

Den mest innflytelsesrike talsmannen for Lawrence sitt forfattarskap var likevel litteraturkritikaren F. R. Leavis frå Cambridge som stod fast på at forfattaren sine bidrag høyrde til dei verkeleg viktige innan engelsk skjønnlitterær tradisjon. Leavis hevda at The Rainbow, Women in Love, novellene og forteljingane var stor kunst. Seinare sikra ei rettsak om Lady Chatterley's Lover i 1960 og ei påfølgjande utgjeving av boka at Lawrence fekk eit større publikum – han var enten populær eller berykta.

Lawrence sitt syn på feminisme var tilsynelatande motstridande. I tekstane hans blir kvinner skildra som sterke, sjølvstendige og samansette; han skreiv betydelege verk med sentrale kvinnelege karakterar som var unge og sjølvgåande. Men John R. Harrison [12] gjorde merksam på at det løper ein raud tråd av sadisme gjennom forfattarskapen til Lawrence, og fleire feministiske kritikarar, spesielt Kate Millett, har kritisert og latterleggjort Lawrence kjønnspolitikk. Ho hevdar at han brukar kvinnelege karakterar som talerøyr for si tru på mannleg overherredømme.[13] Dette øydela ryet hans i einskilde miljø, sjølv om Norman Mailer forsvarte Lawrence i The Prisoner of Sex in 1971.[14] Likevel finn nye lesarar stendig fram til Lawrence.

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • The White Peacock, 1911
  • The Trespasser, 1912
  • Sons and Lovers, 1913
  • The Rainbow, 1915
  • Women in Love, 1920
  • The Lost Girl, 1920
  • Mister Noon, 1921
  • Aaron’s Rod, 1922
  • Kangaroo, 1923
  • St. Mawr, 1925
  • The Plumed Serpent, 1926
  • Lady Chatterley’s Lover, 1928

Novellesamlingar[endre | endre wikiteksten]

  • The Prussian Officer and Other Stories (1914), red. John Worthen, Cambridge University Press, 1983
  • England, My England and Other Stories (1922), red. Bruce Steele, Cambridge University Press, 1990, ISBN 0-521-35267-3
  • The Horse Dealer's Daughter (1922)
  • The Fox, The Captain's Doll, The Ladybird (1923), red. Dieter Mehl, Cambridge University Press, 1992, ISBN 0-521-35266-5
  • St Mawr and other stories (1925), red. Brian Finney, Cambridge University Press, 1983, ISBN 0-521-22265-6
  • The Woman who Rode Away and other stories (1928) red. Dieter Mehl and Christa Jansohn, Cambridge University Press, 1995, ISBN 0-521-22270-2.
  • The Rocking-Horse Winner (1926)
  • The Virgin and the Gypsy and Other Stories (1930), red Michael Herbert, Bethan Jones, Lindeth Vasey, Cambridge University Press, 2006 , ISBN 0-521-36607-0
  • Love Among the Haystacks and other stories (1930), red John Worthen, Cambridge University Press, 1987, ISBN 0-521-26836-2
  • Collected Stories (1994) – Everyman's Library

Teaterstykke[endre | endre wikiteksten]

  • A Collier’s Friday Night, 1907
  • The Daughter in Law, 1912
  • The Fight for Barbara, 1912
  • The Married Man, 1912
  • The Merry-go-round, 1912
  • The Widowing of Mrs Holroyd, 1914
  • Touch and Go, 1920
  • David, 1926

Reisedagbøker[endre | endre wikiteksten]

  • Twilight in Italy, 1916
  • Sea and Sardinia, 1921
  • Mornings in Mexico, 1927
  • Etruscan Places, 1932

Litteraturkritikk[endre | endre wikiteksten]

  • Studies in Classic American Literature, 1923

Referansar og fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Brev til The Nation and Atheneum, 29. mars 1930.
  2. David Herbert Richards Lawrence
  3. Maddox, Brenda. D.H. Lawrence: The Story of a Marriage. New York: Simon & Schuster, 1994. ISBN 0-671-68712-3
  4. Brev til Henry Savage, 2. desember 1913
  5. Sitert i My Life and Times, Octave Five, 1918–1923 av Compton MacKenzie s. 167–168 ff
  6. Ronald W. Clark: Bertrand Russell, Philosoph - Pazifist - Politiker, Heyne-Verlag 1984, s. 169 ff
  7. «It has been a savage enough pilgrimage these last four years», brev til J.M. Murry, 2. februar 1923.
  8. Eagleton, Terry (2005). The English novel: an introduction. Wiley-Blackwell. ss. 258–260. 
  9. «den tretanna giftslangen», men «det trehoda trollet» ville nok klinge betre på norsk
  10. The Letters of D. H. Lawrence. Cambridge University Press. 2002. ss. 365–366. 
  11. In the face of formidable initial disadvantages and life-long delicacy, poverty that lasted for three quarters of his life and hostility that survives his death, he did nothing that he did not really want to do, and all that he most wanted to do he did. He went all over the world, he owned a ranch, he lived in the most beautiful corners of Europe, and met whom he wanted to meet and told them that they were wrong and he was right. He painted and made things, and sang, and rode. He wrote something like three dozen books, of which even the worst page dances with life that could be mistaken for no other man's, while the best are admitted, even by those who hate him, to be unsurpassed. Without vices, with most human virtues, the husband of one wife, scrupulously honest, this estimable citizen yet managed to keep free from the shackles of civilization and the cant of literary cliques. He would have laughed lightly and cursed venomously in passing at the solemn owls—each one secretly chained by the leg—who now conduct his inquest. To do his work and lead his life in spite of them took some doing, but he did it, and long after they are forgotten, sensitive and innocent people—if any are left—will turn Lawrence's pages and will know from them what sort of a rare man Lawrence was.
  12. John R. Harrison (1966) The Reactionaries: Yeats, Lewis, Pound, Eliot, Lawrence: A Study of the Anti-Democratic Intelligentsia (Victor Gollancz, London)
  13. Millett, Kate, 1969 (2000). «III: The Literary Reflection». Sexual Politics. University of Chicago Press. ISBN 0252068890. 
  14. Mailer, Norman (March 1971). «The Prisoner of Sex». Harper’s Magazine. http://www.harpers.org/archive/1971/03/0021207. Henta 13 September 2009.  and Mailer, Norman (January 1971). Prisoner of Sex. Little Brown. ISBN 0316544132. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: D.H. Lawrence
Wikisource

Originaltekst av D.H. Lawrence ved Wikisource.