Imagisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

På ein undergrunnsstasjon

Desse ansikta som syner seg i massen;
Kronblad, på ei våt, svart grein.

Ezra Pound. Attdikta av Per Olav Kaldestad.[1]
Fyrste utgåva av tidsskriftet Poetry frå 1912. Det var i dette tidsskriftet nokre av dei tidlege imagistiske dikta vart prenta, og i 1913 vart På en metro-stasjon prenta for fyrste gong i bladet

Imagisme (or latin imago, «bilete») var ein angloamerikansk diktarkrins som eksisterte i tida mellom 1912 og 1917. Den amerikanske forfattaren Ezra Pound var den viktigaste leiaren av gruppa frå byrjiinga av, og i 1914 gav han ut antologien Des Imagistes. Amy Lowell hadde ein liknande posisjon i perioden 1915-1917. I dette tidsrommet gav ho årleg ut antologien Some Imagist Poets, og føreordet hennar til dei to fyrste antologiane blir rekna som den klåraste utforminga av gruppa sitt estetiske standpunkt. Andre representantar for krinsen inkluderer T.E. Hulme, Richard Aldington og Hilda Doolittle.

Imagistane freista medvite å strukturere dikta kring eit enkelt bilete, og ville unngå abstrakte ord og omgrep til føremon for eit enkelt og konkret kvardagsspråk. Dei føretrekte frie vers framfor rimbundne vers. Imagismen var mellom anna påverka av den japanske haiku-tradisjonen, og det imagistiske diktet er stutt, gjerne på berre to linjer, som i det vidgjetne diktet «In a Station of the Metro» (norsk: På ein undergrunnsstasjon). Diktet kan skildrast som ei førestelt ytre verd i to bilete, og samanstellinga mellom desse i utgangspunktet nokså ulike bileta skapar ein likskapsrelasjon kvar lesaren samanliknar dei to linjene med kvarandre.

Imagistane ønskte ikkje å formidle ein bestemt bodskap, men freista heller å framkalle ei stemning eller ein indre tilstand ved å berre skildre den ytre verda på ein presis og detaljrik måte. Difor var imagismen også ein reaksjon mot den høgstemde, ornamentale og symboltunge diktinga. Imagismen fekk mykje å seie for modernismen, og då spesielt grunna fokuset krinsen hadde på enkle skildringar. T.S. Eliot si vektleggjing av det objektive korrelat kan reknast som eit framhald av imagistane sine tankar. Også den amerikanske diktaren William Carlos Williams, som kalla diktinga si for «objektivisme», var påverka av imagismen.

I Russland hadde akmeistane, representert ved forfattarar som Osip Mandelstam og Anna Akhmatova, og imaginistane, representert ved mellom andre Sergej Esenin, eit litterært program som kan minne om den angloamerikanske imagismen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Janss, C., Refsum, C. (2008). Lyrikkens liv: innføring i diktlesning (s. 91-92). Oslo: Universitetsforlaget ISBN 978-82-15017-01-3.
  • Imagistene. (1997). I Lothe, J., Refsum, C., & Solberg, U. Litteraturvitenskapelig leksikon (s. 109-110). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 825-73-06-37-1

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Poetisk modernisme. Oslo: Samlaget. 1995. s. 409. ISBN 8252138233. 
Spire Denne litteraturartikkelen som har med Storbritannia og USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.