DNV GL Group AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå DNV GL Group)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bygningane til det Det Norske Veritas, teikna av Lund + Slaatto Arkitekter, no hovudkontor for DNV GL Group AS, ligg på stranda attmed Oslofjorden på Høvik i Bærum. Fotografi frå 2010.

DNV GL Group AS er eit norsk-tysk klassifiseringsselskap som vart skipa 12. september 2013 ved at Det Norske Veritas (DNV) og Germanischer Lloyd i Hamburg (GL) slo seg saman.[1] Aksjeselskapet DNV GL Group AS, som har hovudkontor på Høvik i Bærum kommune, er eigd av den norske stiftinga Stiftelsen Det Norske Veritas med 63,5 prosent og det tyske investeringsselskapet Mayfair Vermögensverwaltung SE med 36,5 prosent.

DNV GL Group AS driv med skipsklassifisering, sertifisering, rådgjeving, inspeksjon, testing og forsking. Selskapet er det største skipsklassifikasjonsselskapet i verda, målt i marknadsdelar og i talet på tilsette, og har verksemd i hundre ulike land. Men har selskapet òg ein stor verksemd som gjeld sertifisering, testing, rådgiving og forsking retta mot anna enn den maritime sektoren, og har òg kontorlloppgåver på vegner av offentlege styresmakter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]