Jon Fredrik Baksaas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jon Fredrik Baksaas

Jon Fredrik Baksaas (fødd 21. november 1954) er ein norsk siviløkonom som sidan juni 2002 har vore konsernsjef i Telenor.

Baksaas er utdanna ved Norges Handelshøyskole og IMD i Lausanne. Etter enda utdanning som siviløkonom (1979), byrja han i industri- og offshoredivisjonen i Det norske Veritas, der han fram til 1985 hadde fleire leiarfunksjonar. I perioden 1985–1988 hadde han leiande stillingar i Stolt Nielsen Seaway AS, og i 1988-1989 var han finansdirektør i Aker AS. Etter det vart han finansdirektør i TBK AS, og var der fram til han i 1994 byrja i Telenor. Baksaas hadde fleire leiarstillingar i konsernet, mellom anna finansdirektør (CFO), før han i 2002 vart konsernsjef.

Under leiing av Baksaas har Telenor vokse sterkt, og er i dag eit globalt teleselskap med verksemd i 12 land. Selskapet søkjer fyrst og fremst fleirtalsposisjon i mobilselskaper med fokus på Europa og Asia. Baksaas var hovudarkitekt bak introduksjonen av Telenor i India, gjennom å kjøpe opp fleirtalsposisjonen i selskapet Unitech Wireless. Dette føretaket har mobillisens for heile India.

Jon Fredrik Baksaas er også styremedlem i den svenske Handelsbanken, og har også hatt andre verv i næringslivet og i NHO. Baksaas har sidan 2009 vore styremedlem i den globale mobilorganisasjonen GSM Association. Han har også fleire andre styreverv utanfor Telenor.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

I 2006 vart Baksaas kontroversiell då han sørgde for at Telenor-dotterselskapet Djuice sponsa dottera hans og russevenninnene hennar med gratis mobiltelefonar og ringjetid. Dette vart avvikla kort tid etter at det vart kjent i media. Ved eit seinare høve kom Baksaas igjen i mediesøkjelyset då han innløyste opsjonar i Telenor til ein verdi av 12 millionar kroner. Som Telenor-sjef vart han også kritisert i desember 2006, denne gongen av fredsprisvinnaren Muhammad Yunus som mellom anna kritiserte Telenor for å ta ut for høg profitt frå investeringa i mobiltelefonselskapet Grameen Phone i heimlandet hans, Bangladesh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]