DS «Ullensvang»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå DS Ullensvang (1907))
Hopp til navigering Hopp til søk
Rosendal, Ullensvang, Søndhordland and Hordaland at quay in Leirvik, Stord.jpg
Frå hamna på Leirvik på Stord i 1930. Inst ligg DS «Rosendal», DS «Ullensvang», DS «Søndhordland» og DS «Hordaland»
Karriere Flag of Norway.svg Noreg
Namn: DS «Ullensvang»
Eigar: Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskab
Verft: Trondhjems Mekaniske Værksted
Verftsnummer: 129
Sjøsett: 1907
Teke ut av teneste: 1952
Omdøypt: Ullensvang II i 1952
Kjennemerke: MDRJ/LFEL
Lagnad: Opphogd 1952
Generelle mål
Type: Lokalrutebåt
Tonnasje: 469 brt
270 nrt
Lengd: 159,9 fot (48,7 m)
Breidd: 23,7 fot (7,2 m)
Djupgang: 19,0 fot (5,8 m)
Installert effekt : 620 ihk
Framdrift: Trippel ekspansjonsmotor (TMV)
Generelle mål Etter ombygging i 1928
Tonnasje: 516 brt

D/S «Ullensvang» var eit dampskip levert til Hardanger Søndhordlandske Dampskibsselskab i november 1907 som lokalrutebåt. Skipet kosta den gongen 240 000 kr. Den første kapteinen på skipet var A. J. Øvrevik.

Skipet gjekk i rutefart for HSD til 1952 mellom Bergen og Hardanger. Det vart hardt skadd under den store eksplosjonen i Bergen 20. april 1944, då skipet låg ved Holbergskaien. Ved same kaien låg DS «Stord» og DS «Aalvik». Alle dei tre fartøya vart hardt skadd. Mellom anna vart styrhuset på «Ullensvang» blåst bort og alt glas ombord var knust. For å få ho bort frå brannfare frå bygningane kring Holbergskaien førte kaptein Lund på «Ullensvang», i lag med kaptein Fleten på «Stord», å få begge skipa ut i fjorden, med «Aalvik» på slep. «Ullensvang» var nyreparert i desember 1944 då ho vart rekvirert av Hirdmarinen i samband med evakueringa av Finnmark på strekninga Tromsø til Trondheim. Ho fekk mannskap frå NS, som ramponerte skipet. Skipet var attende i teneste for HSD i 1945.

I 1950 vart ho lagt i opplag som reservefartøy. I januar 1952 vart skipet omdøypt «Ullensvang II», men alt i februar 1952 vart skipet seld til van Huygens Freres i Gent, for hogging og reiste frå Bergen siste gong 22. februar, og nådde fram til Brugge i den 26. februar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]