Dadra i musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dadra er ein musikkstil innan hindustanimusikk med opphav i folkesongar sungne av kvinner i Uttar Pradesh.[1]

Stilen har same namn som rytmemønsteret som ofte blir brukt i han, dādrā tāla. Ein kan også bruka andre mønster, som kahervā tāla.[1]

Teksten i dadramusikk tek ofte for seg kjenslene til ei forelska kvinne. I tillegg til kjensler kan han også skildra natur og skiftande årstider.[2] Han er som regel fordelt på to strofer, og kan vera på nordindiske språk som bradjbhakha, maithili og hindi.[1]

Dadra er rekna som ein lett stil i slekt med thumri, men er friare for utøvaren.[1] Han har ofte litt raskare tempo, og verk er kortare og meir kompakte.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Mahābhāratī, Saṅgīt (2011). «Dādrā» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-565098-3. doi:10.1093/acref/9780195650983.001.0001/acref-9780195650983-e-1222. 
  2. 2,0 2,1 «Articles - Thumri, Dadra and other semi-classical forms in Indian Music - by Chaitanya Kunte», www.swarganga.org, henta 29. februar 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]