Dalane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dalane er ein region sør i Rogaland fylke, sør for Jæren. Egersund by fungerer som regionalt sentrum i Dalane. Dalane omfattar kommunane Bjerkreim, Eigersund, Lund og Sokndal.

Avisa Dalane Tidende har hovudkontoret sitt i Egersund. Dalane folkemuseum har to avdelingar i Egersund. Ei avdeling er fajansemuseum, medan hovudutstillinga er eit folkemuseum.

Mellom transportsambanda i Dalane er til dømes jernbane (Sørlandsbanen og Jærbanen), ferje til Danmark, og to viktige vegar, Europaveg 39 og Nordsjøvegen (riksveg 44).