Daniel Arnefjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Daniel Arnefjord
Personleg informasjon
Fullt namn Daniel Arnefjord
Fødd 21. mars 1979 (43 år)
Fødestad Stockholm
Høgd 186 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Aalesund
Nummer 15
Ungdomsklubbar
1992- Sverige Brommapojkarna
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
-1997
1998-2004
2005
2006-08
2008-
Sverige Brommapojkarna
Sverige Café Opera
Sverige Väsby United
Sverige AIK
Noreg Aalesund
9 (0)
130 (8)
29 (2)
45 (0)
84 (3)[1]
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 5. september 2011

Daniel Arnefjord (fødd 21. mars 1979 i Stockholm) er ein svensk fotballspelar. I 2012-sesongen spela han i forsvar for Aalesund i den norske Eliteserien.

Arnefjord tok til å spela fotball som sjuåring i den lokale klubben Järva KFUM. Som 13-åring gjekk han over til talentfabrikken Brommapojkarna. Som 19-åring debuterte han for A-laget, og ved slutten av den sesongen sa han ja til eit tilbod frå FC Café Opera. Den første sesongen med Café Opera i Division 2 Östra Svealand førte med seg åtte A-lagskampar og opprykk til den nest høgste divisjonen, Superettan. Arnefjord oppnådde fast plass på A-laget dei kommande åra. I 2005 vart han kaptein på Väsby United, det nye laget som var resultatet av ei samanslåing av Café Opera og Väsby IF.

Väsby fungerte som rekrutteringsklubb for AIK, og etter 159 kampar i Superettan, tok Arnefjord steget opp i hovudklubben. I 2006-sesongen spelte han 16 kampar for AIK i Allsvenskan, dessutan fire i Royal League og to i cupen. Sommaren 2008 flytta Arnefjord til den norske Tippeligaen og Aalesund, der han raskt vart fast i midtforsvaret. Sidan han kom til klubben har han, per sommaren 2011, ikkje gått glipp av meir enn eit par seriekampar kvar sesong.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk og internasjonal fotballstatistikk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Aalesunds FK – spelarstallen 2013
Målmenn
Noreg 1 Lasse Staw
Noreg 13 Sten Grytebust
Noreg 24 Mathias Rasmussen
Forsvarsspelarar
Noreg 3 Edvard Skagestad
Noreg 4 Jonatan Tollås Nation
Noreg 5 Andreas Kristoffer Nordvik
Sverige 15 Daniel Arnefjord
Noreg 16 Hugues Wembangomo
Noreg 17 Demar Constantine Phillips
Noreg 22 Jo Nymo Matland
Noreg 36 Thomas Skog Martinussen
Midtbanespelarar
Jamaica 7 Jason Morrison
Noreg 8 Fredrik Carlsen
Noreg 10 Peter Orry Larsen
Noreg 23 Fredrik Ulvestad
Costa Rica 31 Michael Barrantes
Angrepsspelarar
Flagget til Marokko 9 Abderrazak Hamdallah
Jamaica 11 Tramaine Stewart
Nigeria 14 Leke James
Noreg 18 Christian Myklebust
Noreg 19 Tor Hogne Aarøy
Noreg 25 Lars Fuhre