Hopp til innhald

Daniela Silivaș

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daniela Silivaș


Statsborgarskap Romania
Fødd 9. mai 1972 (52 år)
Deva
Idrett turn
Tok del i

gymnastics at the 1988 Summer Olympics – women's artistic individual all-around, gymnastics at the 1988 Summer Olympics – women's balance beam, gymnastics at the 1988 Summer Olympics – women's floor, gymnastics at the 1988 Summer Olympics – women's uneven bars, gymnastics at the 1988 Summer Olympics – women's vault

Viorica Daniela Silivaș (fødd 9. mai 1972) er ein rumensk tidlegare turnar. Perioden 1985-89 vann ho sju VM-gull, fem EM-gull og tre OL-gull i ulike øvingar og tevlingar. I alt sanka ho desse fem åra ti medaljar i verdsmeisterskap, like mange i europameisterskap og seks medaljar under Sommar-OL 1988.

Silivaș vart verdsmeister på bom ved Turn-VM 1985. To år seinare i Moskva vart ho europameister i mangekamp, der ho også sigra i bom, frittståande og skranke. Same året i verdsmeisterskapen vann ho gull i frittståande, skranke og i lagkampen med rumenske mannskapet på seks utøvarar. Under dei olympiske sommarleikane 1988 i Seoul vann ho medalje i alle seks tevlingane. Ho sigra på bom, i frittståande og skranke, medan det var sølv i mangekampen og i lagkampen samt bronse i hopp-øvinga. Våren 1989 vann ho gullmedaljen i frittståande ved EM i Brussel. Eit halvt år etter sikra ho seg tre gullmedaljar under Turn-VM 1989 i Stuttgart, i både skranke og frittståande måtte ho dele fyrsteplassen med ein annan utøvar.

Ein kneskade førte til at Silivaș la opp i 1991. Kort etter utvandra ho til USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]