Hopp til innhald

Deva i Romania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deva
by
Utsyn over Deva
Våpenskjold
Land  Romania
Fylke Hunedoara
Høgd 187 m
Areal 58,780000 km²
Folketal 53 113 (1. desember 2021)[1]
Borgarmeister Florin Oancea
Postnummer 330xxx
Retningsnummer +40 0x 54
Bilnummer HD
Kart
Deva
45°52′19″N 22°54′42″E / 45.871944444444°N 22.911666666667°E / 45.871944444444; 22.911666666667
Wikimedia Commons: Deva

Deva[a] er ein by i Transilvania, på venstresida av elva Mureș i Romania. Han er fylkeshovudstad i Hunedoara fylke og har om lag 55 000 innbyggjarar.

I antikken låg det ein dakisk festning her kalla Decidava. Dei første skriftlege kjeldene om byen er frå 1269. Under voivodee Johan Hunyadi vart Deva eit viktig militært og administrativt senter. Han vart delvis øydelagd av osmanarane i 1550 og vart så bygd opp att med forsterka festningsverk. I 1621 omforma og utbygde fyrst Gabriel Bethlen Magna Curia-palasset i renessansestil.

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]
Kommunen Deva innanfor Hunedoara fylke

Deva er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:

BusetnadFolketal 2011[2]Folketal 2021[3]
Deva58 86050 753
Sântuhalm597491
Archia113108
Bârcea Mică261177
Cristur1 2921 584

Storbyområde

[endre | endre wikiteksten]

Det blir arbeidd med å etablere eit storbyområde som er tenkt å omfatte Deva, bykommunane Hunedoara (municipiu), Simeria og Călan (oraș) og dei tre mindre kommunane (comună) Băcia, Cârjiți, Pestișu Mic.[4]

  1. ↑ tysk Diemrich, ungarsk Déva
  1. ↑ folketelling i Romania 2021, Romanias statistikkbyrå, Wikidata Q106566382
  2. ↑ «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente (Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 31. oktober 2011. Henta 15. april 2022. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |utgjevar= (hjelp)
  3. ↑ «Populația rezidentă (Sexe, Județe, Municipii, orașe și comune*, Sate*) (Busett befolkning (kjønn, fylke, municipiu, oraș og comună, landsby))». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 1. desember 2021. Henta 20. september 2023. {{cite web}}: Italic or bold markup not allowed in: |utgjevar= (hjelp)
  4. ↑ «Noi clarificări de la autorități despre cele 22 de zone metropolitane din România (Nye avklaringar frå styresmaktene om dei 22 storbyområda i Romania)». Libertatea. 22. mai 2020. Henta 27. oktober 2022.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Deva i Romania