Danny Joe Brown

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Danny Joe Brown
Fødd24. august 1951(1951-08-24)
FødestadJacksonville i Florida i USA
Død10. mars 2005 (53 år)
DødsstadDavie i Florida, USA
OpphavUSA
Aktiv1974–1998
SjangerSouthern rock, hardrock
InstrumentVokal, munnspel, piano
Tilknytte artistarMolly Hatchet, The Danny Joe Brown Band
PlateselskapEpic
Verka somMusikar, låtskrivar

Danny Joe Brown (24. august 195110. mars 2005)[1] var ein USA-amerikansk rockesongar, mest kjend som frontmann i southern rock-gruppa Molly Hatchet etter at han tok over som songar for Dave Hlubek i 1976. Han var medlåtskrivar av dei største hittane deira frå seint i 1970-åra, som «Flirtin' with Disaster» og «Whiskey Man».

Brown slutta i Molly Hatchet i 1980 på grunn av kronisk diabetes og problem med bukspyttkjertelen. Kort tid etter skipa han sitt eige band, The Danny Joe Brown Band, som gav ut eitt album i 1981.[2] Han kom attende att i Molly Hatchet i 1982, men slutta igjen i 1995 etter eit hjerneslag.

Han døydde 10. mars 2005, berre 53 år gammal, etter nyresvikt som følgje av diabetes.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Molly Hatchet[endre | endre wikiteksten]

Med The Danny Joe Brown Band[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thedeadrockstarsclub.com – accessed May 2010
  2. Smith, Michael Buffalo (November 1999). «Still Beatin' the Odds». Swampland.com. Henta 21. desember 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]