Molly Hatchet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Molly Hatchet
Molly Hatchet at Hellfest.jpg
Molly Hatchet på Hellfest 2012
OpphavJacksonville i Florida i USA
AktivSidan1971
Sjanger
Plateselskap
MedlemmerJohn Galvin
Bobby Ingram
Tim Lindsey
Shawn Beamer
Jimmy Elkins
Tidlegare medlemmerDave Hlubek
Danny Joe Brown
Jimmy Farrar
Duane Roland
Steve Holland
Bryan Bassett
Banner Thomas
Riff West
Bruce Crump
B.B. Borden
Mac Crawford
Phil McCormack

Molly Hatchet er ei USA-amerikansk southern rock-gruppa skipa av gitaristen Dave Hlubek i Jacksonville i Florida i 1971. Bandet er mest kjend for hitten «Flirtin' with Disaster» frå 1979.

Historie[endre | endre wikiteksten]

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Molly Hatchet vart skipa av gitarist Dave Hlubek i 1971. Bandet oppstod og hadde base i Jacksonville i Florida og hadde same inspirasjonskjelder som den meir kjende southern rock-gruppa Lynyrd Skynyrd.

Produsenten på den første plata deira, Tom Werman, var kjend for å arbeide med streite rockeartistar som Cheap Trick og Ted Nugent,[1] som kombinerte boogie, blues og hardrock.

Bandet gav ut debutalbumet, Molly Hatchet i september 1978.[2] Songen «Dreams I'll Never See» (ein coverversjon av The Allman Brothers Band-songen «Dreams» frå 1969) vart spelt ein del på AOR-radio.

Molly Hatchet vart etterfølgd av Flirtin' with Disaster i september 1979[2] der tittelsongen vart ein ny AOR-hit, og det same vart opningssporet på albumet, «Whiskey Man». Molly Hatchet turnerte etter kvart album og bygde ein stadig større fanbase. Frontmannen og songaren Danny Joe Brown slutta i bandet i mai 1980 på grunn av diabetes og andre årsaker, men kom attende to år seinare.[3]

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

Etter at Danny Joe Brown slutta i Molly Hatchet, skipa han The Danny Joe Brown Band. Brown vart erstatta i 1980 av vokalisten Jimmy Farrar,[2] frå LaGrange i Georgia. Stilen deira endra seg noko frå southern rock-stilen på dei første albuma då Farrar kom inn i bandet.[2] Farrar hadde ei anna type røyst enn Danny Joe Brown og stilen gjekk i ein hardare retning. Etter suksessen med det neste albumet, Beatin' the Odds frå september 1980, gjekk bandet bort frå southern rock-stilen frå dei første albuma.[2]

Innan 1981 hadde Molly Hatchet utvikla seg til eit beintfram rockeband med ein glattare produksjon, som kom til syne på Take No Prisoners (november 1981). Bandet vart verande eit suksessrikt konsertband.

Bassisten Banner Thomas slutta i november 1981 og vart erstatta av Riff West.[2] I 1982 vart trommeslagaren B.B. Borden (òg kjend om B.B. Queen då han var i funkrockbandet Mother's Finest) erstatta Crump, som hadde flytta til Los Angeles.

Farrar slutta i så gruppa og Brown kom attende. Farrar spelte seinare med andre medlemmar i Molly Hatchet i Southern Rock Allstars og Gator Country. Brown kom inn att i bandet i mai 1982.

I mars 1983 bestod besetninga av Brown, Hlubek, Holland, Roland, West og Borden, som gav ut albumet No Guts...No Glory.[2]

Sommaren 1983 turnerte Hatchet med eit anna band frå Jacksonville, Blackfoot. Men like før ein konsert i Kansas City i Kansas, valte Brown, Holland og Roland å slutte i bandet, og berre Hlubek, Borden og West var att til å spele konserten. Etter ei kjapp øving bak scenen, tok Blackfoot-medlemmet Rickey Medlocke plassen til Brown framme på scenen og gitaristen deira, Charlie Hargrett, tok over på gitar. Brown og dei to andre kom attende til turneen dagen etter.

Men gitaristen Holland valte å forlate bandet for godt i 1984 og vart erstatta av den tidlegare klaverspelaren i Danny Joe Brown Band, John Galvin.

I november gav dei ut albumet The Deed Is Done, som var eit meir streit poprockalbum, enn dei tidlegare albuma deira, og Bruce Crump kom attende på trommer.

I november 1985 kom det doble konsertalbumet Double Trouble Live ut,[2] før bandet vart droppa frå plateselskapet sitt, Epic.

Hlubek, som seinare innrømde at han sleit med dopmisbruk, slutta i Molly Hatchet i januar 1987.[4] Han vart erstatta avBobby Ingram, som hadde sunge korvokal på Double Trouble, og spelt gitar i Danny Joe Brown Band. Tidlegare hadde han òg spelt med Brown i Rum Creek.

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

8. juli 1990 annonserte Molly Hatchet, som hadde blitt droppa av Capitol etter at albumet Lighting Strikes Twice hadde seld dårleg, at ein konsert i Toledo i Ohio kom til å bli avslutningskonserten deira, og at bandet kom til å gje seg.

Samlealbumet Greatest Hits kom ut på Epic, med to nyinnspelinte songar hausten 1990. Albumet selde til gullplate.[5]

Seint i 1990 kom ei ny utgåve av bandet saman att, leia av Brown og Ingram og med dei nye musikarane Rik Blanz (gitar), Rob Scavetto (klaverinstrument), Eddie Rio (bass) og David Feagle (trommer). Men besetninga til Hatchet i 1990-åra var stadig i endring. Rio vart erstatta i 1991 av Rob Sweat og så Kevin Rian. Feagle vart erstatta same året av trommeslagaren Kenny Holton. Blanz slutta midtvegs i 1991 og Phil McCormack vikarierte ei kort stund for Brown tidleg i 1992. I 1993 bestod besetninga av Brown, Ingram, Erik Lundgren (gitar, frå bandet til Johnny Van Zant), Mac Crawford (trommer) og Banner Thomas (bass), medan Mike Kach (klaverinstrument) vart erstatta i 1994 av Andy Orth. Bryan Bassett (tidlegare i Wild Cherry) tok over som andregitarist i 1994 og Buzzy Meekins (tidlegare i Outlaws) var bassist etter at Banner igjen slutta i 1995.

Første halvdelen av 1990-åra spelte Molly Hatchet eit utval konsertar og turnear, men gjekk ikkje i studio att før i 1995, då dei byrja å arbeide i eit nytt studio med den tyske produsenten Kalle Trapp.

I april 1995 slutta Brown igjen i gruppa etter stadige helseproblem, og Jimmy Farrar vart igjen henta attende for nokre veker for å fronte gruppa og «legitimere» den dåverande besetninga. Men publikum reagerte ikkje særskild positiv til Farrar og Ingram og Brown valte å hente vikaren til Brown frå 1992, Phil McCormack, som permanent erstattar. McCormack fronta bandet for det neste albumet deira, Devil's Canyon (juni 1996).

Resten av 1990-åra var det ingen i bandet som hadde spelt i Molly Hatchet før 1984. Bobby Ingram leigde, og fekk så i 2000, varemerkeretten til namnet på bandet.[6] På dette tidspunktet bestod bandet av vokalisten Phil McCormack, gitaristane Bobby Ingram og Bryan Bassett, klaverspelaren John Galvin, bassisten Andy McKinney og trommeslagaren Mac Crawford. I 1998 spelte denne besetninga inn albumet Silent Reign of Heroes (juni 1998).

I 1997 byrja klaverspelaren Tim Donovan å vikariere for Galvin på konsertane deira og Sean Shannon vart den nye trommeslagaren i gruppa i 1998, etter at Crawford slutta. I 1999 reiste bandet frå kyst til kyst i lag med Charlie Daniels and the Volunteer Jam.

Den tidlegare Hatchet-songaren Danny Joe Brown sleit med diabetes og etterverknadane etter eit hjerneslag, men klarte å vere med på scenen ein siste gong under Jammin' for DJB, ein konsert til inntekt for Brown sett i stand av den tidlegare Hatchet-bassisten Riff West den 18. juli 1999 i Orlando i Florida. Han avslutta konserten med å syngje «Flirtin' with Disaster».[6]

Molly Hatchet Justice 2010

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

I 2000 gav bandet ut Kingdom of XII, som vart spelt inn og gjeve ut i Europa, og bandet turnerte i Europa for å marknadsføre albumet. Det kom ut i USA i juni 2001. Etter innspelinga kom gitaristen Russ Maxwell inn etter at Bassett slutta i gruppa for å bli med att i Foghat, før Shawn Beamer (frå Southern Rock Rebellion) erstatta Sean Shannon hausten 2001. Bassisten Jerry Scott (tidlegare i bandet til Brian Howe) kom inn tidleg i 2002, då McKinney slutta.

Same året tok Ingram ein kort pause frå turneringa etter å ha fått eit hjarteinfarkt, og bandet frotsette med berre Maxwell som gitarist.[7]

Eit konsertopptak frå 2000, Locked and Loaded, kom ut i mars 2003 og i januar 2004 kom samleplata 25th Anniversary: Best of Re-Recorded.

John Galvin turnerte ikkje med bandet i 2000-åra, men var med på studioinnspelingane deira. Tim Donovan (1997-2002), Scott Woods (2002), Jeff Ravenscraft (2003-2004), Gary Corbett (2004) og Richie Del Favero (2004-2005) spelte klaverinstrument med bandet på desse konsertane fram til 2005, før bandet slutta å spele med klaverspelar på scenen.

Bassisten Jerry Scott vart erstatta av J.J. Strickland i mai 2003 før Tim Lindsey, tidlegare i Lynyrd Skynyrd, The Rossington Band, Artimus Pyle Band og The Mind Garden (med Dave Hlubek) tok over i februar 2004.[8] Maxwell slutt månaden etter og Jake Rutter tok hans plass.[8]

Warriors of the Rainbow Bridge (mai 2005) vart spelt inn med Hlubek attende i bandet etter at Rutter hadde slutta. Ein annan gitarist, Jimbo Manion, spelte i lag med Ingram fram til Hlubek hadde fullført andre plikter han hadde og kunne kome attende i bandet på fulltid.

Danny Joe Brown døydde 10. mars 2005 i heimen sin i Davie i Florida, 53 år gammal som følgje av nyresvikt. 19. juni 2006 døydde gitaristen Duane Roland i heimen sin i St. Augustine i Florida, òg han 53 år gammal.[9]

Våren 2006 var David «Dino» Ramsey vikar for songaren McCormack, som var blitt sjuk.

Bandet gav ut Southern Rock Masters (april 2008) som var ei samling av klassiske rockesongar. Det vart gjeve ut på ny i eit litt anna format som Regrinding the Axes i juni 2012.

I 2008 byrja klaverspelaren John Galvin å delta på konsertane deira att etter at helseproblema til Hlubek hindra han frå å spele på alle konsertane deira.

Studioalbumet Justice kom ut i juni 2010, etter å ha blitt spelt inn i Tyskland for SPV Records, GmbH.

I 2011 hadde trommeslagaren Shawn Beamer eit hjarteinfarkt og ein Scott Craig vart henta inn som vikar.[10] I 2013 kom Beamer attende til bandet.

Frå 2014 til 2019 var det ei rekkje tidlegare dødsfall blant tidlegare Hatchet-medlemmar. Bassisten Riff West døydde 19. november 2014, 64 år gammal etter lengre tids sjukdom etter ei bilulukke.[11] Trommeslagaren Bruce Crump døydde 16. mars 2015, 57 år gammal etter mange år med strupekreft.[12] Bassisten Banner Thomas døydde 62 år gammal etter komplikasjonar med lungebetennelse og revmatoid artritt den 10. april 2017.[13][14] Dave Hlubek døydde av eit hjarteinfarkt 2. september 2017, 66 år gammal.[15] Jimmy Farrar, som var frontmann frå 1980 til 1982, døydde av hjartesvikt 29. oktober 2018, 67 år gammal. Songaren Phil McCormack døydde 26. april 2019, 58 år gammal.[16] McCormack vart erstatta av songaren Jimmy Elkins.

Steve Holland (born in 1954), det siste originale medlemmet av Molly Hatchet, døydde 2. august 2020, 66 år gammal.[17]


Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar

  • John Galvin – klaverinstrument, synthesizer, piano, programmering, korvokal (1984–1990, sidan 1995)
  • Bobby Ingram – sologitar, akustisk gitar og slidegitar, korvokal (sidan 1986)
  • Shawn Beamer – trommer, perkusjon (sidan 2001)
  • Tim Lindsey – bass, korvokal (sidan 2003)
  • Jimmy Elkins – solovokal (sidan 2019)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

År Album Listeplassering Salstrofé
US CAN RIAA CRIA
1978 Molly Hatchet 64 Platina
1979 Flirtin' with Disaster 19 54 2xPlatinum Gull
1980 Beatin' the Odds 25 90 Platina
1981 Take No Prisoners 36
1983 No Guts...No Glory 59
1984 The Deed Is Done 120
1989 Lightning Strikes Twice
1996 Devil's Canyon
1998 Silent Reign of Heroes
2000 Kingdom of XII
2005 Warriors of the Rainbow Bridge
2008 Southern Rock Masters
2010 Justice
2012 Regrinding the Axes
«—» tyder at album ikkje kom på lista, ikkje vart gjeve ut, eller ikkje vart sertifisert

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

År Album Listeplassering
US UK
1981 Molly Hatchet Live E/P/A Series
1985 Double Trouble Live 130 94
2000 Live at the Agora Ballroom Atlanta Georgia 1979
2003 Locked and Loaded
Greatest Hits Live
2007 Flirtin' with Disaster Live
2013 Live At Rockpalast 1996
2019 Battleground
«—» tyder at album ikkje kom på lista

Samlealbum[endre | endre wikiteksten]

År Album Salstrofé
RIAA
1990 Greatest Hits Gull
1995 Cut to the Bone
1996 Revisited
1998 Super Hits
2003 The Essential Molly Hatchet
25th Anniversary: Best of Re-Recorded
2011 Greatest Hits II
«—» syner til at albumet ikkje fekk salstrofé

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Listeplassering[18] album
USA US Mainstream
1980 «Flirtin' With Disaster» 42 Flirtin' with Disaster
1981 «The Rambler» 91 Beatin' the Odds
1982 «Bloody Reunion» 31 Take No Prisoners
«Power Play» 96
«Lady Luck» 46
1984 «Satisfied Man» 81 13 The Deed Is Done
1985 «Stone in Your Heart» 26

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tom Werman Credits». AllMusic. Henta 1. november 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Colin Larkin, red. (1997). The Virgin Encyclopedia of Popular Music (Concise utg.). Virgin Books. s. 861. ISBN 1-85227-745-9. 
  3. Stephenson, Olivier (12. mars 2005). «[Deathwatch] Danny Joe Brown, musician, 53». Slick.org. Arkivert frå originalen 25. september 2012. Henta 21. desember 2020. 
  4. Anderson, Philip (1999). «Dave Hlubek – gitarist / founder, Molly Hatchet». Kaos2000 webzine. Henta 21. desember 2020. 
  5. «Gold & Platinum searchable database, search for Molly Hatchet». RIAA. Henta 21. desember 2020. 
  6. 6,0 6,1 Smith, Michael Buffalo (November 1999). «Still Beatin’ the Odds». Swampland.com. Henta 21. desember 2020. 
  7. «News Archive». Dirk's Unofficial Molly Hatchet Site. Henta 21. desember 2020. 
  8. 8,0 8,1 «Stickman's Molly Hatchet News Page». Stickman's Molly Hatchet Site. Arkivert frå originalen 19. mars 2005. Henta 21. desember 2020. 
  9. «Duane Roland, Molly Hatchet gitarist; at 53». The Boston Globe. 25. juni 2006. Henta 1. november 2011. 
  10. «Jukebox:Metal | Molly Hatchet – LIVE: Islington Academy, London 2011». Jukeboxmetal.com. Henta 21. desember 2020. 
  11. «Document sans-titre». Rtjwebzine.fr. Henta 21. desember 2020. 
  12. «Molly Hatchet's Bruce Crump Dies». Ultimate Classic Rock. Henta 21. desember 2020. 
  13. In Memory of Banner Harvey Thomas 6. september 1954 - 10. april 2017 accessdate 5. desember 2017
  14. «Molly Hatchet Bassist Banner Thomas Dies». Ultimate Classic Rock. Henta 21. desember 2020. 
  15. «Molly Hatchet Founder, Dave Hlubek, Dies at 66. Molly Hatchet continues on to sign a new studio album recording deal, slated for release in 2018.». Best Classic Bands. 8. august 2015. Henta 21. desember 2020. 
  16. «Molly Hatchet singer Phil McCormack Dead at 59». Ultimate Classic Rock. 27. april 2019. Henta 27. april 2019. 
  17. Kaufman, Gil (3. august 2020). «Founding Molly Hatchet Guitarist Steve Holland Dies». billboard. Henta 8. september 2020. 
  18. «Molly Hatchet : Chart History». Web.archive.org. Arkivert frå originalen 10. februar 2017. Henta 7. september 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]