Datarock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Datarock

Datarock på støttekonsert for brannoffer 26. september 2008
OpphavBergen i Noreg
Aktiv2000 –
SjangerDance-punk
Synth rock
Post-punk revival
PlateselskapYoung Aspiring Professionals
MedlemmerFredrik Saroea
Ketil Mosnes
Tidlegare medlemmerTom Mæland
Kevin O'Brien

Datarock er ei norsk musikkgruppe frå Bergen, som er ihopsett av medlemmane Fredrik Saroea og Ketil Mosnes. Gruppa vart skipa av dei to, i lag med Kevin O'Brien i 2000. Tom Meland kom med som ein fjerde medlem, før O'Brien slutta same året. Datarock gav ut eit par EP-ar før Meland også slutta i gruppa. Det første albumet frå Datarock, som heiter Datarock, vart gjeve ut i 2005 gjennom musikkgruppa sitt eige selskap; YAP (Young Aspiring Professionals).

Songen «Fa fa fa» frå albumet vart brukt i ein reklamefilm for Coca Cola.[1] Under konsertar pleier gruppa å ha med ekstra folk, mellom andre Tarjei Strøm frå Ralph Myerz and the Jack Herren Band på trommer. I 2007 gav gruppa ut oppfølgjaralbumet See What I Care.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk band lager Cola-hit - frå TV2.no, arkivert frå originalen 10. oktober 2007, henta 21. juni 2009 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]