Carina Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carina Dahl

Fødd15. august 1985 (38 år)
FødestadTrondheim
FødenamnCarina Jeanette Dahl
OpphavNoreg
Aktiv2006–
Sjangerpop, festmusikk
Instrumentvokal
Verka somsongar, modell
FarMorten Dahl
PrisarSpellemannprisen i festmusikk

Carina Dahl (fødd 15. august 1985 i Trondheim) er ein norsk musikar, glamourmodell og tidlegare Big Brother-deltakar.

Dahl var i 2006 med i femte runden av Big Brother, ein samproduksjon mellom Sverige og Noreg. Dahl vart røysta ut ei veke før finalen og fekk totalt 107 dagar i huset.

Dahl har i fleire år jobba som glamourmodell og vart kåra til «Årets gatebilbabe» i 2005. I 2006 vart ho tilknytt modellbyrået til Helene Rask. Dahl har satsa på ein songkarriere og Stargate har produsert fleire av låtane til Dahl.

Carina Dahl er dotter av Morten Dahl frå heavy metal-bandet TNT.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix 2011[endre | endre wikiteksten]

Dahl deltok i Melodi Grand Prix 2011, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland, med songen «Guns & Boys». Songen skreiv ho saman med Nanna Martorell og Hanne Sørvaag. Bidraget, som vart framført på engelsk av Carina Dahl, starta i den fyrste semifinalen. Der enda det på sjetteplass, gjekk ikkje vidare til finalen eller andresjansen, og fekk ikkje presentere Noreg.

Melodi Grand Prix 2013[endre | endre wikiteksten]

I Melodi Grand Prix 2013, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, deltok Dahl med songen «Sleepwalking». Bidraget, som vart skriven av av Dahl i samband med Ben Adams og Søren Pagh og framført på engelsk av Carina Dahl, starta i den fyrste semifinalen, men gjekk ikkje vidare til finalen. Kva for plassering bidraget fekk er ikkje kjend, men det fekk ikkje representere Noreg. Under framføringa skulle ho plassere mikrofonen i eit mikrofonstativ av di ho skulle danse. Arrangørane hadde teke feil stativ opp på scena, slik at ho måtte halde mikrofonen i staden for å danse. Ho fekk ikkje framføre songen på nytt, sjølv om det vart vurdert.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]