Vidar Busk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Vidar Busk
Vidar Busk (211510).jpg
Vidar Busk under ein konsert på Cosmopolite i april 2016.
Foto: Tore Sætre
Fødd 19. mai 1970
Langesund
Instrument

gitar

Sjanger blues, poprock
Yrke songar, komponist, gitarist, musikkprodusent

Vidar Busk (fødd 19. mai 1970) er ein norsk gitarist, songar, låtskrivar og plateprodusent. Han vaks opp i Langesund, men reiste til USA som 15-åring for å spele i musikkgruppa til den amerikanske bluessongaren Rock Bottom. Han turnerte i USA i flere år før han venda attende til Noreg i 1990 og vann Smugetprisen 1994.

Han fekk etter kvert fast støttemusikkgruppa og platedebuterte under namnet Vidar Busk & His True Believers med Stompin Our Feet With Joy i 1997. Albumet vart godt motteke i bluesmiljøane og det fekk NBFs Bluespris under Notodden Blues Festival. For sitt andre album, I Came Here to Rock, vart han kåra til årets artist under Spellemannprisen 1998. Etter å ha gjeve ut tre platar med drivande og swingbasert bluesrock og støttemusikkgruppa His True Believers, endra han totalt stil med sitt fjerde album Venus Texas i 2001. Musikken på det nye albumet var mykje mjukare og soulpreget og samstundes eksperimenterte han med andre stilartar. På hans neste album, Love Buzz, gjekk han enda lenger i flørten med andre musikkstilar, og hadde mellom annet med dei to rapparane Eye-n-I og Profilen. For dette albumet fekk han Spellemannprisen 2003 i klassen blues/country. Hans sjette album, Starfish, vart gjeven ut i 2005. Hans neste album, Jookbox Charade, vart gjeven ut under namnet Vidar Busk & The Voo Doodz i 2007. Han skipa deretter Vidar Busk & His Bubble Of Trouble, og gav ut albumet Troublecaster i 2011. For albumet vart han nominert til Spellemannprisen 2012 i klassen blues. Vidar Busk er kjend for å turnere mykje og har spelt på dei fleste store festivalane i Noreg, herunder Notodden Blues Festival, Ole Blues, Vossajazz med meir samt ei rekkje festivalar i Europa og USA. Busk har platekontrakt med Warner Music Norge. Han mottok Telemark fylkeskommunes kulturpris i 2004.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix 2013[endre | endre wikiteksten]

Busk deltok i Melodi Grand Prix 2013, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, med songen «Paid My Way». Bidraget, som Busk skreiv saman med Tim Scott McConnell, vart framførd på engelsk av Busk sjølv. Det enda på tredjeplass i den fyrste semifinalen og gjekk vidare til finalen. Kva for plassering bidraget fekk i finalen er ikkje kjend, men det fekk ikkje representere Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]