Dave Alexander
Dave Alexander | |
Fødd | 3. juni 1947 |
---|---|
Fødestad | Ann Arbor |
Død | 10. februar 1975 (27 år) |
Dødsstad | Ann Arbor |
Fødenamn | David Michael Alexander |
Opphav | USA |
Aktiv | 1967–1970 |
Sjanger | Hardrock, protopunk |
Instrument | bass |
Tilknytte artistar | The Stooges |
Plateselskap | Elektra Records |
Verka som | Musikar, låtskrivar |
David Michael Alexander (3. juni 1947–10. februar 1975) var ein amerikansk musikar som er mest kjend som den originale bassisten i rockebandet The Stooges.
Karriere[endre | endre wikiteksten]
Etter at familien flytta til Ann Arbor i Michigan møtte han brørne Ron og Scott Asheton på skulen. Etter kvart møtte dei tre Iggy Pop og dei danna i lag The Stooges i 1967. Sjølv om Alexander ikkje var ein dyktig musikar, lærte han raskt og tok snart del i både arrangering og låtskriving, og spelte på alle songane på dei to første albuma til bandet, The Stooges og Fun House.
Alkolholmisbruk og død[endre | endre wikiteksten]
Alexander vart sparka frå bandet i august 1970 etter at han møtte opp på Goose Lake International Music Festival for full til å kunne spele.[1]
Han døydde av lungeødem i 1975 27 år gammal i Ann Arbor etter å ha vorte innlagd på sjukehuset for pankreatitt, som igjen var knytt til det store alkoholkonsumet hans.
Iggy Pop nemner Alexander i den munnlege introen til songen «Dum Dum Boys» frå albumet The Idiot, og seier:
- How about Dave?
- OD'd on alcohol
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Dave Alexander (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Keith Cameron Return To The Fun House Mojo #161, April 2007