Scott Asheton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Scott Asheton
Alias «Rock Action»
Fødd 16. august 1949
Washington, D.C., USA
Død 15. mars 2014 (64 år)
Instrument Trommer
Sjanger Protopunk, garage rock, hardrock, psykedelisk rock, punkrock, Detroit rock
Aktive år 1967 til 2014
Yrke Musikar, trommeslagar
Tilknytte artistar The Stooges, Sonic's Rendezvous Band, Iggy Pop, Sonny Vincent, Destroy All Monsters, Dark Carnival
Plateselskap Elektra, Columbia, Virgin

Scott «Rock Action» Asheton (16. august 194915. mars 2014)[1] var ein amerikansk trommeslagar, mest kjend frå rockebandet The Stooges. I tillegg til Iggy Pop var Asheton det einaste medlemmet som var med i the Stooges heile vegen.

Asheton var med på å starte the Stooges i 1967 i lag med den eldre broren Ron, Iggy Pop og Dave Alexander. Dei spelte inn to album, før besetninga endra og dei gav ut Raw Power i 1973. Bandet vart oppløyst året etter.

Scott Asheton var ein av få medlemmar frå bandet som spelte med Iggy Pop som soloartist, noko han gjorde under ein europaturne i 1978.[2] Asheton spelte òg trommer med Scott Morgan i fleire band, som Scott Morgan Band, Scots Pirates, og mest kjend Sonic's Rendezvous Band.[3] Han spelte så trommer i ei sein utgåve av Destroy All Monsters, under namnet Dark Carnival.[4] Han har òg spelt mykje med Sonny Vincent, og spelte trommer på fire studioalbum med Captain Sensible på bass.

The Stooges vart samla att i 2003, og han var aktiv i bandet til han døydde i 2014, 64 år gamal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Andy Greene; «Stooges Drummer Scott Asheton Dead at 64», rollingstone.com, 16. mars 2014
  2. European Tour 1978 with Iggy Pop: from Gary Rasmussen's clippings at the EldarEntertainment.com website.
  3. Collaboration with Scott Morgan, in between Stooges incarnations: Scott Morgan Music website.
  4. Asheton's involvement in the "Dark Carnival" project: review at i94bar.com website

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]