Ron Asheton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ron Asheton

Asheton (venstre) og Iggy Pop på ein konsert i 2008
Fødd17. juli 1948
FødestadWashington D.C. i USA
Død4. januar 2009 (60 år)
DødsstadAnn Arbor i Michigan i USA
FødenamnRonald Franklin Asheton
OpphavUSA
Aktiv1963–2009
SjangerPunkrock
Hardrock
Garage rock
InstrumentGitar, bass, trekkspel
Tilknytte artistarThe Stooges, The New Order, Destroy All Monsters, New Race, Dark Carnival
PlateselskapElektra, Columbia, Virgin
Verka somMusikar, låtskrivar, skodespelar

Ronald Frank «Ron» Asheton (17. juli 19486. januar 2009)[1] var ein amerikansk gitarist og låtskrivar som saman med Iggy Pop spelte i rockebandet The Stooges.

Asheton er rangert på 29. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 største gitaristane gjennom tidene.[2]

The Stooges[endre | endre wikiteksten]

Asheton var fødd i Washington D.C.[3] Han hadde alt spelt trekkspel i fem år då han byrja å spele bassgitar 10 år gammal. Asheton var sologitaristen på dei to første albuma til The Stooges og var bassist på det tredje, Raw Power, då han vart erstatta som gitarist av James Williamson. Då the Stooges vart samla att i 2000-åra, var Asheton igjen gitaristen i bandet. Han spelte i bandet i lag med broren Scott Asheton

Anna arbeid[endre | endre wikiteksten]

Bortsett frå The Stooges, spelte Asheton òg i banda The New Order (ikkje det britiske bandet New Order), Destroy All Monsters, Dark Carnival, New Race og The Empty Set.

Asheton var òg skodespelar og spelte i Mosquito i 1995, i tillegg til i Frostbiter: Wrath of the Wendigo og Legion of the Night.

Død[endre | endre wikiteksten]

Asheton vart funnen død i senga si av politiet i huset sitt i Ann Arbor den 6. januar 2009. Han skal ha døydd av eit hjarteattak nokre dagar tidlegare.[4] Sonic Youth-albumet The Eternal er tileigna han.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med the Stooges
Med The New Order
  • New Order (1977)
  • Victim Of Circumstance (1989)
  • Declaration of War (1990)
Med Destroy All Monsters
Med New Race
Med Dark Carnival
Med The Empty Set
  • Thin Slim & None/Flunkie (1996)
Med Powertrane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]