The Stooges av The Stooges

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
The Stooges
Studioalbum av The Stooges
Utgjeve 5. august 1969
Innspelt April 1969
Studio The Hit Factory i New York City
Sjanger
Lengd 34:33
Selskap Elektra
Produsent John Cale
The Stooges-kronologi
The Stooges Fun House
(1970)


Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Chicago Tribune 3.5/4 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]
Encyclopedia of Popular Music 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]
Entertainment Weekly B+[4]
MusicHound Rock 3.5/5[5]
Pitchfork 8.9/10[6]
The Rolling Stone Album Guide 3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[7]
Spin Alternative Record Guide 10/10[8]
Stylus Magazine A[9]
The Village Voice B+[10]

The Stooges er debutalbumet til rockebandet The Stooges. Det kom ut i august 1969 og nådde 106. plass på Billboard-lista. To songar, «I Wanna Be Your Dog» og «1969», vart gjeven ut som singlar. Det vert generelt rekna som eit av dei beste protopunk-albuma. Med Ron Asheton sin mur av forvrengd gitar og wah wah-soloar og power-riff, vert det òg rekna for å ha hatt stor innverknad på hardrock.

Historie[endre | endre wikiteksten]

For det første albumet sitt, hadde The Stooges tenkt å spele inn fem songar: «I Wanna Be Your Dog», «No Fun», «1969», «Ann» og «We Will Fall». Dei fem songane var faste på konsertane til The Stooges på denne tida. Ein typisk Stooges-song i denne perioden bestod av to minuttar av komponert song etterfølgd av fleire minuttar med improvisasjonar. Bandet tenkte å spele inn desse fem songane på same måte og rekna med det var nok for albumet, men fekk beskjed frå Elektra om at dei trengde noko meir. I følgje Iggy Pop, «me gav dei (den fem-songar lange versjonen av) albumet og dei godtok det ikkje. Dei sa, 'Det er ikkje nok songar!' So me laug og sa 'Ingen problem, me har mange fleire.'»[11]

I røynda var the Stooges ein dag føre seg sjølv då Iggy sa dette til Elektra. Kvelden før hadde dei skrive tre songar til, «Real Cool Time», «Not Right» og «Little Doll» og spelte dei for første gong i studio.

Ein første miks av produsenten John Cale, som visstnok likna tidlegare bandkollega frå Velvet Underground Lou Reed sin «skap-miks» av det tredje albumet deira, vart avslått av Elektra. Miksen ein kan høyre på den endelege versjonen, vart gjort av Iggy Pop og Elektra Records-direktør Jac Holzman. Fire av dei originale Cale-miksane vart seinare gjeven ut på bonusplata som følgde 2005-utgåva av albumet. Fem år seinare, vart alle Cale-miksane gjeven ut i uendra form 2010-utgjevinga av albumet.[12]

I 2003 vart albumet rangert på 185. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[13] Same magasinet inkluderte «1969» på lista si over dei 100 største gitarsongane gjennom tidene.[14]

I mars 2005 plasserte Q «I Wanna Be Your Dog» på 13. plass på si liste over dei 100 beste gitarsongane.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

16. august 2005 gav Elektra og Rhino Records i lag ut albumet som ei dobbelplate med ei nymastra versjon av albumet på eine plata og alternative opptak på den andre:

Den 7. mai 2010 gav Rhino Records igjen ut albumet i «Handmade»-serien sin som ein samlarpakke som inneheld to plater, ei 7" vinylplate og ein 7"x7"-stor bok. Den første plata inneheld heile albumet, singelversjonen av «I Wanna Be Your Dog», og alle dei originale John Cale-miksane av songane. Den andre plata og begge sidene av 7"-plata, inneheld «Asthma Attack», som ikkje tidlegare var gjeven ut, men som vart mykje spelt av bandet på konsertane deira i starten.[12]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av The Stooges (Dave Alexander, Ron Asheton, Scott Asheton og Iggy Stooge (Iggy Pop)). 

Side A
# Tittel Lengd
1. «1969»   4:05
2. «I Wanna Be Your Dog»   3:09
3. «We Will Fall»   10:18
Side B
# Tittel Lengd
4. «No Fun»   5:14
5. «Real Cool Time»   2:29
6. «Ann»   2:59
7. «Not Right»   2:51
8. «Little Doll»   3:20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Stooges

Andre medverkande

Teknisk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Weisbard, Eric; Craig Marks (1995). Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. ISBN 0-679-75574-8.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  1. Deming, Mark. «The Stooges – The Stooges | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». http://www.allmusic.com/album/the-stooges-mw0000195830. Henta 5. mai 2018. 
  2. Kot, Greg (22. juli 1990). «Pop On Pop: Iggy Rates His Own Music (and So Do We)». Chicago Tribune. http://articles.chicagotribune.com/1990-07-22/entertainment/9003010792_1_star-stooges-atmospheric-art-rock. Henta 5. mai 2018. 
  3. Larkin, Colin (2011). «The Stooges». The Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 0857125958. 
  4. Ross, Dalton. «[The Stooges review]». Entertainment Weekly. 
  5. Graff, Gary (1996). «The Stooges». I Graff, Gary. MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Detroit: Visible Ink Press. ISBN 0787610372. 
  6. Tangari, Joe (17. august 2005). «The Stooges: The Stooges / Fun House | album Reviews | Pitchfork». http://pitchfork.com/reviews/albums/11842-the-stooges-fun-house/. Henta 5. mai 2018. 
  7. Coleman, Mark (1992). «The Stooges». I DeCurtis, Anthony; Henke, James; George-Warren, Holly. The Rolling Stone Album Guide (3rd utg.). Random House. s. 676–77. ISBN 0679737294. 
  8. Weisbard, Eric; Marks, Craig, red. (1995). «The Stooges». Spin Alternative Record Guide. New York: Vintage Books. s. 378. ISBN 0-679-75574-8. 
  9. McNally, Patrick (18. august 2005). «The Stooges – The Stooges / Fun House – Review – Stylus Magazine». http://www.stylusmagazine.com/reviews/the-stooges/the-stooges-fun-house.htm. Henta 5. mai 2018. 
  10. Christgau, Robert (1969), «Consumer Guide (3)», The Village Voice (New York) (August 14), http://www.robertchristgau.com/xg/cg/cg3.php, henta 5. mai 2018 
  11. tekst i plateomslaget til 2005-utgåva, s. 9
  12. 12,0 12,1 «The Stooges (Collector's Edition)». Rhino. http://www.rhino.com/shop/product/the-stooges-the-stooges-collectors-edition. 
  13. «The 500 Greatest Albums of All Time: 185: The Stooges - The Stooges». Rolling Stone. Henta 14. okt. 2011. 
  14. «Rolling Stone’s 100 Greatest Gitar Songs Of All Time». Stereogum.com. May 30, 2008. http://stereogum.com/10114/rolling_stones_100_greatest_gitar_songs_of_all_ti/list/. Henta 14. oktober 2011. 


186:
 The Immaculate Collection 
Madonna
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene
185


The Stooges – The Stooges

184:
 Fresh 
Sly and The Family Stone