David Bakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
David Bakke
David Bakke.jpg
Fødd30. april 1857
Fjaler
Død25. april 1935
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkebonde, redaktør, politikar
FarOle Mathiasson Bakke

David Olsson Bakke (30. april 185725. april 1935) var ein gardbrukar, verkstyrar og stortingsmann for Venstre frå Ytre Holmedal i Sunnfjord.

Bakke var son til Ole Mathiasson Bakke, ein gardbrukar som fire periodar var varamedlem til Stortinget. Sjølv gjekk han folkehøgskule og landbruksskule før han overtok farsgarden i 1880. Året før, 1879, tok han til som styrar av eit teglverk, ei stilling han hadde i 20 år.

Bakke var medlem av heradsstyret i Ytre Holmedal frå 1884 til -88 og i tida 1894-1911. I ni av åra var han ordførar. År 1887 var han redaktør av Firda og Sygnafylkets avis. Han var formann i venstreforeininga i amtet, og 5. representant frå Nordre Bergenhus amt til Stortinget 1900-03; medlem av næringskomite nr 1. På ny vald til stortingsrepresentant for 1913-15, då for einmannskrinsen Søndfjord, gjenvald for perioden 1916-18. Han var då medlem av vegkomiteen, formann 1917 og det meste av 1918-sesjonen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]