David Rhodes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Rhodes

Fødd2. mai 1956 (67 år)
FødestadLondon
OpphavStorbritannia
Aktiv1979–
Sjangerprogressiv rock
Instrumentgitar
Verka somkomponist, gitarist

David Rhodes (fødd 2. mai 1956) er ein engelsk gitarist og låtskrivar. Han er truleg mest kjend for det lange samarbeidet sitt med Peter Gabriel.

Han start i bandet Random Hold og bandet hadde noko suksess i starten og vart lagt merke til av Peter Gabriel, som inviterte dei med seg på den amerikanske delen av turneen hans i 1980 som oppvarmingsband. Like etter turneen slutta i Rhodes i Random Hold, og fortsette å spele og turnere med Peter Gabriel sidan den gong.

I tillegg til å arbeide med Gabriel har Rhodes medvekra på album av T-Bone Burnett, Akira Inoue, Indio og Massimo DiCataldo. Han har komponer tmusikk til den italienske animasjonsfilmen La gabbianella e il gatto. Rhodes samarbeidde òg med Peter Gabriel og Richard Evans på den Golden Globe-nominerte musikken til The Long Walk Home og har skrive musikk til mange filmar og fjernsynsseriar med Richard Evans (som "The Footnote").

Han har òg spelt gitar på albuma til artistar som Roy Orbison, Tim Finn, Paul McCartney, Robert Plant, Joan Armatrading, Blancmange, The Pretenders, Scott Walker og Talk Talk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]