David T. Payne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David T. Payne


Statsborgarskap USA
Fødd 24. juli 1982 (41 år)
Cincinnati
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008

David Payne i Berlin i 2009.

David Thorn Payne (fødd 24. juli 1982) er ein USA-amerikansk tidlegare hekkeløpar som i 2008 vann OL-sølv på 110 meter hekk og i 2007 og 2009 VM-bronse.

I 2007 vann Payne sølvmedaljen i Panamerika-leikane, bakom Dayron Robles, og bronsemedaljen i VM i friidrett 2007 i Osaka. I det siste løpet presterte han livsbeste 13,02 sekund under 1,7 sekundmeters medvind. Payne vann så sølvmedaljen i OL-finalen i Beijing på årsbeste 13,17, verdsrekordhaldaren Robles sikra seg gullmedaljen. I VM i friidrett 2009 i Berlin kom Payne inn til bronse på tida 13,15 sekund, lik tid med sølvmedaljør Terrence Trammell og ein hundredels sekund bakom gullvinnar Ryan Brathwaite.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]