Det etiopiske høglandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dei etiopiske høglanda)
Det etiopiske høglandet, med Ras Dashen i bakgrunnen

Det etiopiske høglandet er eit ulendt og kupert område med ei rekkje samanhengande fjellformasjonar som ligg i Etiopia, Eritrea og det nordlege Somalia, nordaust i Afrika. Området tilhøyrer den afromontane sona, og er det største fjelllandskapet på det afrikanske kontinentet. Berre ein liten del ligg lågare enn 1 500 moh., medan dei høgaste toppane strekkjer seg godt over 4 000 moh. Difor vert det òg kalla Afrikas tak.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Høglandet er delt i dei nordvestlige og søraustlege delane av Riftdalen, som inneheld ei rekkje saltsjøar. Den nordvestlige delen dekkjer Tigray og Amhararegionen. Han omfattar Simienfjella, og delar av desse er blitt til Simien nasjonalpark. Den høgaste toppen, Ras Dashen (4 550 moh), er òg det høgaste punktet i Etiopia, og den fjerde høgaste i heile Afrika. Tanasjøen, kjelda til Den blå Nilen, ligg òg i den nordvestlige delen.

Den høgaste toppen til den søraustlege delen ligg i Oromiaregionen i Balefjella. Der finst òg Bala nasjonalpark. Toppane i dette området er nesten like høge som i Simienfjella, som til dømes Tullu Demtu (4 337 moh.) og Batu (4 307 moh.).

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Dendi, ein samanrast vulkan-kaldera

Det etiopiske høglandet byrja å heva seg for 75 millionar år sidan då magma (flytande steinmassar) frå mantelen til jorda løfta seg oppover som ein brei kuppel av fjell. Opninga av Riftdalen delte kuppelen, det etiopiske høglandet, i tre delar; fjella i sør på den arabiske halvøya er geologisk ein del av dei urgamle etiopiske høglanda, delt av ei rift som danna Raudehavet og Adenbukta og skilde Afrika frå Arabia.

Ein gong for 30 millionar år sidan byrja ein flod av basaltisk platå å dannast, og stabla lag på lag av omfangsrikt sprekkdanna basaltiske lavastraumar. Det meste av flaumane var tholeiitiske, og danna eit tynt lag av alkalisk basalt og mindre mengder av felsiske mineral. I dei avtakande fasane av basaltiske flaumar kom store eksplosjonar som danna gryteformer (kalderaer) av vulkanutbrota.

Dei etiopiske høglanda blei til slutt halvert av Riftdalen då det afrikanske kontinentet sitt skorpa trekte seg unna. Denne rifta gav opphav til store vulkanar som oppstod for rundt 30 til 31 millionar år sidan.[2]

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Då fjellformasjonane i Etiopia, som ligg tett ved ekvator, reiste seg fekk området eit temperert klima, noko som er svært uvanleg for denne delen av Afrika. Fjellformasjonane fangar nedbøren frå monsunvindane som blæs inn frå Indiahavet. Dette gjev ei regntid som varar frå juni til midten av september.[3] Regnet fører òg til at Nilen fløymer om sommaren, eit fenomen som blant anna undra dei antikke grekarane.

Det etiopiske høglandet har ein afromontan flora og fauna, i likskap med fleire andre fjellregionar i Afrika. Høglandet er dessutan heim for ei rekkje unike arter, mellom anna sjeldne pattedyr som etiopisk steinbukk (Capra walie), fjellnyala (Tragelaphus buxtoni), etiopisk ulv (Canis simensis) og kjemperotrotte (Tachyoryctes macrocephalus), og dessutan etiopisk fjellhare (Lepus starki) og gelada (Theropithecus gelada). Alle står oppført på IUCN si raudliste for utrydningstruga artar, men etiopisk fjellhare og geladaen er i motsetnad til dei andre livskraftige og talrike.

I lågare høgder er høglandet omgjeve av tropiske savannar og grasland, mellom anna saheliske Acacia-savannane i nordvest, den austsudanske savannen i vest, det somaliske Acacia-Commiphora-busklandet og krattskog i nordaust, aust, sør og gjennom Riftdalen.

Høglandet sjølv er delt i tre ulike økoregionar som er danna av høgdeskilnader. Den etiopiske montaneskogen ligg mellom 1100 og 1800 meters høgd, over graslandet og savennen i låglandet Dette skogbeltet har fleire plantesamfunn. Kolla er eit ope skogland som ligg i lågare høgder, og er dominert av planteartar som Terminalia, Commiphora, Boswellia, og Acacia. Weyna dega er eit skogland som finst i fuktige og høgare stadar og er dominert av nåletre som Afrocarpus gracilior og Juniperus procera. Dei lågare delane av Harennaskogen er eit særskilt skogland med eit ope tak av Warburgia ugandensis, Croton macrostachyus, Syzygium guineense, og Afrocarpus gracilior, med ville kaffiplanter (Coffea arabica) som dominerande krattvekstar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]