Dei sju systrene i Moskva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Planteikning av dei sju systrene frå 1939

Dei sju systrene er ei gruppe på sju skyskraparar i Moskva ført opp under Stalin-tida i stalinistisk stil. Moskovittane kallar dei derimot ikkje dette, men «Vysotki» (russisk Высотки), som tyder 'høge bygningar'. Dei sju systrene vart bygde under dei siste åra til Stalin, frå 1947 til 1953. Dei er utforma i ein kombinasjon av russisk barokk og gotisk stil, og med teknologien som vart nytta til å byggje dei amerikanske skyskraparane. Sjølv om det vart bygd mange liknande bygg i andre (tidlegare) sosialistiske land, er det berre Kultur- og vitskapspalasset i Warszawa som kan måle seg med desse.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Teikning av det planlagde Sovjetarpalasset på eit frimerke frå 1937.

Det første skyskraparprosjektet i Sovjetunionen var Sovjetarpalasset, som vart avbrote av den tyske invasjon i 1941 då stålrama vart fjerna for å bygge ein forsvarsmur rundt Moskva. Mellom 1947 og 1956 presenterte Boris Iofan seks nye teikningar for denne staden, i tillegg til for Vorobjovy Gory, på ein mindre skala. Alle vart avslått. I 1946 kom Stalin sjølv på ein ny ide om å byggje ei rekkje skyskraparar som ikkje tok minna bort frå Komintern. Stalin var uroa over at utlendingar skulle kome til Moskva og sjå at det ikkje fanst skyskraparar der.[1] Tomtene vart valde ut mellom januar og september 1947, men ein veit lite om kvifor dei forskjellige stadane vart valde, sidan denne prosessen vart halden hemmeleg. I staden for å nytte seg av arkitektar av tidlegare kjende bygg i Moskva, som Aleksej Sjtsjusev, gjekk jobben til ein ny generasjon eldre arkitektar. I 1947 var den eldste av dei, Vladimir Gelfreikh, 62 år gamal. Den yngste, Mikhail Posokhin, var 37. Individuelle komitear vart rangerte etter statusen til kvar arkitekt, og så delte inn i to grupper, fire tårn av første klasse og fire tårn av andre klasse. Jobb nummer ein, eit Vorobjovy Gory-tårn, skulle verte Moskva statsuniversitet, og oppgåva gjekk til Lev Rudnev. Rudnev fekk oppgåva først i september 1948 og tilsette hundrevis av profesjonelle teiknarar. Han kom med ei skisse tidleg i 1949. Dimitrij Tsjetsjulin fekk to tårn.

Alle bygningane vart bygd med massive stålrammer og betongfundament, som for universitetsbygningen var sju meter tjukke. På utsida vart det festa store keramikkplater på opp til 15 kvadratmeter, festa med rustfrie stålanker. Høgda på bygningane var berre avgrensa av mangelen på teknologi og erfaring, for desse strukturane var langt tyngre enn dei amerikanske skyskraparane.[2]

Ressursane nytta til å bygge dei sju skyskraparane gjekk utover bygginga av bustader andre stader i Moskva, og oppføringa av andre nye bygg vart halvert i denne perioden.

Statsuniversitetet i Moskva[endre | endre wikiteksten]

Hovudbygningen til Statsuniversitetet i Moskva.

Boris Iofan gjorde ein feil då han på skissa si plasserte skyskraparen på kanten av Sporvehøgda. Dette område var utsett for mogelege jordras, men han insisterte på valet sitt og vart derfor erstatta av Lev Rudnev. Rudnev hadde alt bygd flotte byggverk som Frunze militærakademi og Marshalsleiligheitene i 1947, som hadde gjeve han gode skussmål hos styresmaktene.

Lev Rudnev flytta byggningen 800 meter bort frå klippa. Bygningen vart stort sett bygd av fangar i Gulag-leirar, hovudsakleg tyske krigsfangar. Arbeidsstyrken var på opp til 14 290 menneske. Under bygginga vart enkelte av fangane innkvartert på 24. og 25. etasje i bygningen for å redusere transportkostnadane og talet på vaktar som måtte til.[3] Hovudtårnet består av over 40 000 tonn med stål og vart innvigd 1. september 1953. Det er 240 meter høgt og var den høgaste bygningen i Europa fram til 1990, og er framleis den høgaste utdanningsbygningen i verda.

Zarkadje administrasjonsbygg[endre | endre wikiteksten]

Planteikning av den administrative bygningen ved den raude plassen, «den åttande systera» som aldri blei bygd.

I 1934 starta Kommissariatet for Tungindustriar ein arkitektkonkurranse for ein ny bygning på Den raude plassen som skulle erstatte GUM. Konkurransen kom derimot aldri i gang og GUM står framleis.

I 1947 vart det nærliggande historiske Zarjadje-distriktet jamna med jorda for å gje plass til ein ny 32 etasjar og 275 meter høgt tårn. Tårnet, som var teikna av Tsjetsjulin, skulle verte det nest største etter Universitet. Planane vart derimot kansellert før bygginga kom i gang og den same tomta vart seinare nytta for Hotell Rossia, òg teikna av Tsjetsjulin og ført opp i 1967. Det var eit av dei største hotella i verda, men vart rive ned i 2006-2007.

Hotell Ukraina[endre | endre wikiteksten]

Ukraina av Arkady Mordvinov og Vjatsjeslav Oltarzjevskij er det nest høgaste av «systrene» med ei høgd på 198 meter og 34 etasjar. Det er framleis det høgaste hotellet i Europa og har ein total kapasitet på 1627 senger.

Bygningen vart ført opp på den låge elvebreidda og dei måtte derfor grave djup ned under vassnivået. Dette vart løyst med eit smart pumpesystem rundt byggverket, som held vatnet unna.

Utanriksdepartementet[endre | endre wikiteksten]

Den 172 meter og 27 etasjar store bygningen vart bygd mellom 1948 og 1943 av V.G. Gelfreikh og M.A. Minkus. I dag held Utanriksdepartementet og Handelsdepartementet i Russland til i bygningen.

Hotell Leningradskaja[endre | endre wikiteksten]

Den relativt vesle (136 meter, 25 etasjar, der 19 kan nyttast) vart bygd av Leonid PoljakovKomsomolskaja-plassen. Planløysinga var dårleg og i følgje Khrusjtsjov kunne ein ha bygd 1000 rom for prisen av dei 354 i Leningradskaja, og at prisen på eit rom var 50 % høgare enn på Hotell Moskva.[4] Etter denne kritikken vart Poljakov fråteken Stalinprisen sin frå 1948, men fekk behalde ein annan han hadde vunne for ein metrostasjon i Moskva.

Kotelnitsjeskaja-bygningen[endre | endre wikiteksten]

Leiligheitsbygingen ved Kotielnitsjeskaja Nabjerezjnaja i Moskva.

Kotelnitsjeskaja-bygningen var òg teikna av Tsjetsjulin og er 176 meter høgt med 22 etasjar som kan brukast. Bygningen vart strategisk plassert del Moskvaelva og Jauza renn saman. Bygningen består mellom anna av ein tidlegare 9 etasjar stor bustadblokk ved Moskvaelva, teikna av same arkitekt og ferdigbygd i 1940. Bygningen var meint for eksklusive leilegheiter, men vart like etter omgjort til kommunale leilegheiter (kommunalka). Bygget vart bygd i nygotisk stil.

Kudrinskaja-bygningen[endre | endre wikiteksten]

Kudrinskaja-bygningen var teikna av Mikahil Posokihin og Asjot Mndojants. Han er 160 meter høg med 22 etasjar. Bygningen ligg i enden av Krasnaja Presnja-gata mot Sadovoje Koltso, og vart hovudsakleg nytta som bustad for sovjetiske kulturelle leiarar.

Raude porten administrasjonsbygg[endre | endre wikiteksten]

Teikna av Aleksej Dusjkin, som teikna mange metrostasjonar. Bygningen er på 11 etasjar med eit smalt tårn og ei total høgd på 133 meter og 24 nivå.

Under bygginga fraus ein bakken under bygningen med hjelp av heistunnelar ned til metrostasjonen Krasnije Vorota og bygingen vart med vilje bygd slik at han hella til ei side. Når den islagde bakken under stasjonen smelta, seig bakken saman og bygningen retta seg opp. Han flytta seg derimot ikkje nok, så det vart pumpa inn varmt vatn i bakken under, men dette førte til at bygningen helte for langt andre vegen, men likevel ikkje meir enn at det ikkje kunne verte godteke.

Triumfpalasset[endre | endre wikiteksten]

Triumfpalasset vart bygd ferdig i desember 2003 og vert stundom kalla det åttande tårnet, fordi det er bygd i liknande stil. Ein har derimot fått kritikk for plasseringa av bygningen i eit stort bustadområde, eit godt stykke unna dei vanlege turistområda i byen. Bygningen er høgare enn Universitetsbygningen med ei høgd på 264,1 meter, og var det høgaste bygningen i Europa fram til Naberezjnaja-tårnet stod ferdig i 2007, også i Moskva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dmitrij Khmelnizkij, "Stalin and Architecture", www.archi.ru
  2. Russian: Горин, С.С., "Вершины сталинской архитектуры в Москве", "Строительный мир", N4/2001 (Gorin, S.S., Stalin's architectural summits), www.stroi.ru
  3. Russisk: www.mmforce.ru
  4. Постановление ЦК КПСС и СМ СССР от 4 ноября 1955 г. N 1871 "Об устранении излишеств в проектировании и строительстве www.lawmix.ru

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Dei sju systrene i Moskva

Koordinatar: 55°42′11″N 37°31′49″E