Dei skotske låglanda
Det Dei skotske låglanda (engelsk Scottish Lowlands, skotsk gælisk a' Ghalldachd, 'den ikkje-gæliske regionen', skotsk the Lallans eller the Lawlands) er eit historisk og kulturelt område i Skottland. Det omfattar dei delane av det skotske fastlandet som ikkje tilhøyrer det skotske høglandet.
Grensa mellom høg- og lågland, Høglandsforkastinga, ligg langs ei linje mellom Stonehaven og Helensburgh. Namna kan gje eit gale inntrykk - delar av låglandet er ikkje lågtliggjande, meda nokre delar av høglandet, som Islay, er lågtliggjande. Omgrepet blir særleg brukt innan historie- og slektsstudiar, medan ein innan geografi heller skil mellom høgland, Central Belt og Southern Uplands.
Skiljet mellom høglandet og låglandet er like mykje kulturelt og språkleg. Forfattaren Robert Louis Stevenson (1850-1894) skreiv at Skottland ikkje kan defineres, ettersom det «ikkje er eit sameint land, bortsett frå på kartet».[1] «Det er to språk, mange dialektar, talrike former for pietet, og tallause lokale patriotismar og fordommar, delar av oss sjølv er meir skilde enn ytterpunkta aust og vest av det store kontinentet Amerika.»[2][3]
Låglanda omfattar dei tradisjonelle grevskapa Ayrshire, Berwickshire, Clackmannanshire, Dumfriesshire, East Lothian, Fife, Kinross-shire, Kirkcudbrightshire, Lanarkshire, Mid-Lothian, Peeblesshire, Renfrewshire, Roxburghshire, Selkirkshire, West Lothian og Wigtownshire.
Angus, Dunbartonshire, Stirlingshire, Perthshire, Kincardineshire, Aberdeenshire, Banffshire og Moray er delt mellom høg- og låglanda.
Det gæliske namnet avslører at inndelinga i høg- og lågland ikkje bere er ei geografisk men også ei språkleg inndeling. Skotsk gælisk står sterkast i høglandet eller Gàidhealtachd, medan dei viktigaste språka i låglanda er engelsk og skotsk. Dette fører til at enkelte område, som Caithness, av og til blir rekna med til låglanda og andre gonger til høglanda og øyane. Orknøyane og Shetland blir også av og til rekna med til låglanda og ikkje til øyane av språklege grunnar.
Dei sørlegaste grevskapa i Skottland blir også laøøa Borders («grenselandet»), som no også er namnet på ein administrativ region. Dette området blir av og til oppfatta som skild frå resten av låglanat. Grenselandet er områda mellom England og Skottland som har vore omstridde og historisk har hatt dei blodigaste kampane mellom dei to landene.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Buckton, Oliver S. (2007): Cruising with Robert Louis Stevenson: Travel, Narrative, and the Colonial Body, Ohio University Press, s. 144
- ↑ Stevenson, Robert Louis; Letley, Emma (1998): The Strange Case of Dr. Jekyll and Mr. Hyde and Weir of Hermiston, Oxford University Press, s. xvii
- ↑ Stevenson, Robert Louis (2015): Collected Memoirs, Travel Sketches and Island Literature, e-artnow
- Denne artikkelen bygger på «Scottish Lowlands» frå Wikipedia på engelsk, og «Det skotske lavlandet» frå Wikipedia på bokmål den 25. februar 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Tate, Shannon McDonald (21. januar 2010): «Scotland - Differences between Highlanders and Lowlanders», Scottish Dream Tours
- Birmingham, Vicky (20. mai 2003): «The Lowland Clearances», Scotland's Forgotten Past
- «Lowland livestock and dairy farming», Scottish Natural Heritage