Deichmanske bibliotek
59°54′59.458″N 10°44′46.882″E / 59.91651611°N 10.74635611°E
Deichmanske bibliotek, med hovudbibliotek på Arne Garborgs plass på Hammersborg i Oslo, er eit kommunalt folkebibliotek, det største i Noreg. Hovudbiblioteket opna i 1933. Arkitekt for bygget var Nils Reiersen.[1]
Biblioteket har avdelingar kringom i Oslo.
Biblioteket byggjer på ei testamentarisk gåve frå Carl Deichmann, som levde frå 1705 til 1780. Han testamenterte boksamlinga si på 6 069 band til byen. Dei første biblioteklokala låg i Rådhusgata, og opna for publikum 12. januar 1785.[1]
I 1898 moderniserte Haakon Nyhuus biblioteket etter eit opphald i USA.
Eit nytt hovudbiblioteket er under bygging i Bjørvika i Oslo.
Fritt biblioteksystem
[endre | endre wikiteksten]Deichman bibliotek har sia 2014 nytta det frie biblioteksystemet Koha[2] med utvidinga Library Extended (LS.ext). Denne utvidinga er utvikla av og for Deichman bibliotek, og har vore nytta i produksjon sia oktober 2016.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Oslo byleksikon, side 136
- ↑ «Deichmanske bibliotek tar i bruk det frie og åpne biblioteksystemet Koha» (på norsk). Deichmanske bibliotek. 16. januar 2014. Henta 11. februar 2023.
- ↑ Petter Goksøyr Åsen (8. juni 2017). «Home, Welcome to the ls.ext wiki!» (på engelsk). Henta 11. februar 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Deichmanske bibliotek
- Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, ISBN 978-82-573-1760-7
- Deichmanske bibliotek
- Nye Deichman Arkivert 2011-06-25 ved Wayback Machine.
- Deichmanske bibliotek i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren