Deir el Qamar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°42′N 35°34′E
Deir el Qamar
دير القمر
by
DeirAlQamar-Saidet.jpg
SaidetetTallekirke
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Chouf distrikt
Koordinatar 33°42′N 35°34′E
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Deir al-Qamar

Deir el Qamar (arabisk دير القمر, tyder «Måneklosteret») er ein landsby i sør i det sentrale Libanon, fem kilometer frå Beiteddine. Han består av steinhus med raude tak.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Torget

Frå 1500- til 1700-talet var Deir el Qamar bustad for guvernørane i Libanon. Han er òg kjend for Fakhredinemoskéen frå 1400-talet, Fakhreddinepalasset, og andre historiske palass og administrative bygg. Deir el Qamar-synagoga frå 1600-talet ligg òg i landsbyen, men er lukka for ålmenta. Ein gong var byen senteret for libanesisk litteratur. Han var den første landsbyen i Libanon som hade ein kommune i 1864 og han er fødestaden til mange kjende folk, som kunstnarar, forfattarar og politikarar. Han var hovudstaden i det drusiske kansimatet Libanon (1840-1860).

Deir El Qamar er ein libanesisk by kjend som hovudstaden for emirane. Frå palassa her vart Libanon styrt frå 1500- til 1700-talet. Folk av alle religiøse bakgrunnar levde i fred, og derfor finst det både moské, synagoge og kyrkjer i byen. I 1860 vart Deir El Qamar øydelagd i ein konflikt mellom drusarar og kristne, då byen vart sett i brann. Den franske keisaren Napoleon sendte sju tusen soldatar for å opprette orden og forsvare dei kristne. Dei døde vart gravlade utafor Saydet El Talle-kyrkja (vår frue av åsen). Seinare vart leivningane, av innbyggjarane kalla «martyrane av Deir El Qamar», flytta inn i kyrkja.

I dag er 85 % av innbyggjarane maronittar, og 14 % er gresk-katolikkar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]