Damour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°44′N 35°27′E
Damour
الدامور
by
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Chouf distrikt
Høgd 0-200 moh.
Koordinatar 33°44′N 35°27′E
Areal 10,1 km²
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Damour
Nettstad: http://www.damour-lb.com/

Damour (arabisk الدامور) er ein kristen by i Libanon som ligg 24 km sør for Beirut. Namnet på byen kjem frå namnet på den fønikiske guden Damoros som symboliserte udøydelegheit.

I 2009 vart Damour valt som den framtidige staden for den første kunstige øya utafor kysten av Libanon.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg på eit av dei flate områda av den libanesiske kysten. Han er bygd nord for den gamle elva Tamyrus,[2]. Han er omgjeve av plantasjar med bananar og grønsaksavlingar.[3] Byen har eit areal på 10,1 km². Motorvegen Beirut-Tyr kryssar plantasjane.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Fordi Damour er ein av dei få byane på den libanesiske kysten med ei sandstrand, og sidan han ligg ti minuttar frå frå Beirut, har Damour trekt til seg turistar, og særleg vassportentusiastar. Fleire restaurantar, kafear og kioskar ligg derfor langs stranda. Det ligg òg nokre restaurantar langs kanten av Damourelva.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Minneplakett for erobringa av Damour av australiarane i 1941, sett opp i Nahr al-Kalb nord for Beirut.

Emir Fakhreddine den store hadde ei stor interesse i Damour. Han var hovudstaden i Libanonfjella mellom 1600-talet og 1900-talet.

På 1800-talet var Damour eit blømande senter i Chouf-regionen. Slettene var planta med morbær og hadde tolv produksjonsselskap. Titusen arbeidarar og ingeniørar arbeidde i silkeindustrien her.

I mai 1860 utførte drusar-styrkar ein massakre på innbyggjarane i byen.

Byen ligg ved eit strategisk vegkryss på vegen til Beirut, og den 21. juli 1941, vart staden åstad for eit slag som råka Libanon under andre verdskrigen Syria-Libanon-felttoget. Australske soldatar, som marsjerte nordover langs kysten, tok Damour, halden av ein fransk framandlegion som var tru mot Vichy-styret. Ein våpenkvile enda slaget.

Den 9. januar 1976 kringsette palestinarar byen. Den 20. januar 1976 massakrerte tusenvis av palestinarar innbyggjarane i byen, i det som er blitt kalla Damour-massakren.

Under israelske invasjonen i 1982, bombarderte det israelske luftvåpenet byen, som var under palestinsk kontroll.

Under den israelske krigen i 2006, øydela det israelske flyvåpenet undervis av bruer på hovudvegen Beirut-Tyr, mellom anna over Damourelva.

Nabolag i Damour[endre | endre wikiteksten]

  • Mar Thecla El Naame
  • Mar Mikhael Al Damour
  • Khiyam Al Damour
  • Saadiyat
  • Ghandouriyeh
  • Missiar

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sederøya
  2. Travels in Palestina and Syria, Volume 1, page 286 By George Robinson
  3. [1]