Beitedine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beit ed-Dine
بيت الدين
by
Beiteddinepalasset
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Chouf distrikt
Koordinatar 33°41′43.97″N 35°34′45.13″E
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Kart
Beitedine
33°41′39″ N 35°34′51″ E
Wikimedia Commons: Beiteddine
Beiteddine er hovudstaden i Chouf distrikt.

Beit ed-Dine (arabisk بيت الدين, tyder «Religionshuset») er ein liten libanesisk by i Chouf distrikt, kring 50 km søraust for Beirut og nær byen Deir el-Qamar som han er skild frå av ein bratt dal. Byen er kjend for det storslagne Beiteddinepalasset som husar Beiteddinefestivalen kvar sommar.

Den lokale emiren Bashir Chehab II, som seinare vart utpeikt som herskar over Libanonfjella, starta å byggje palasset i 1788 der det hadde lege ein drusisk eremitasje. Det tok kring 30 år å byggje palasset ferdig. Dei beste handverkarane frå Damaskus og Aleppo, i tillegg til italienske arkitektar vart inviterte og gjevne mykje fridom, så stilen er ei blanding mellom tradisjonell arabisk og italiensk barokk.

Etter 1840, då Bashir vart send i eksil, vart palasset nytta av osmanarane som eit regjeringsbygg, og under Det franske mandatet fungerte det som bygg for den lokale administrasjonen. I 1934 vart det erklært eit nasjonalmonument. I 1943 erklærte Bechara El Khoury, den første libanesiske presidenten, bygningen som offisiell sommarresidens for presidenten. Under den libanesiske borgarkrigen vart palasset kraftig øydelagd. Etter 1984, då kampane i området avtok, gav Walid Jumblatt ordre om å restaurere bygget. Delar av palasset er i dag ope for ålmenta, medan resten framleis er sommarresidens for presidenten.

Bashir bygde tre palass til i byen for sønene sine, men i dag har berre Mir Amin-palasset overlevd og er i dag eit luksuriøst hotell.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]