Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Հայկական Սովետական Սոցիալիստական Հանրապետություն
Армянская Советская Социалистическая Республика
Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken
Flag of Armenia.svg
1920–1991 Flag of Armenia.svg
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Motto
"Պրոլետարներ բոլոր երկրների, միացե'ք!"
(«Proletarar i alle land, samein dykk!»)
Nasjonalsong
Nasjonalsongen til den armenske sosialistiske sovjetrepublikken
Plasseringa til Armensk SSR
Hovudstad Jerevan
Språk Armensk og Russisk
Styreform Sovjetrepublikk
Historie
 - Oppretta 1920
 - Opphøyrde 21. september 1991
Areal
 - 1989 29 800 km²
Innbyggjarar
 - 1989 est. 3 287 700 
     Folketettleik 110,3 /km² 
Valuta Rubel (SUR)

Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken eller Armensk SSR var ein sovjetrepublikk i Sovjetunionen.

Før sovjettida[endre | endre wikiteksten]

Armenia var ein del av det russiske keisardømet frå 1828-1917, men etter Oktoberrevolusjonen i 1917 proklamerte Armenia, Georgia og Aserbajdsjan seg som sjølvstendige republikkar. [1] Tilhøvet mellom Armenia og Tyrkia hadde lenge vore konfliktfylt. Men då Tyrkia gjekk til åtak i september 1920, vart dei møtt av russiske kommunistar som tok kontrollen over Armenia og proklamerte det som sovjetrepublikk. Tyrkia og Armenia forhandla fram ein fredsavtale i 1921, men sjølvstendet for armenarane var no over.

Sovjetrepublikk[endre | endre wikiteksten]

Frå 1922 vart Armenia ein del av den transkaukasiske sosialistiske sovjetrepublikken. Denne vart oppløyst i 1936 og delt inn i den armenske, den aserbajdsjanske og den georgiske sosialistiske sovjetrepublikken i 1936. Armensk SSR fekk no utbetra infrastruktur, utdanningssystem og industri som fylgje av statushevinga. Men som fylgje av at jordbruket skulle gjerast kollektivt, vart fleire tusen armenske bønder deportert frå 1930-åra og utover. Armensk SSR vart aldri okkupert under andre verdskrigen.

Nytt sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

Den armenske sosialistiske sovjetrepublikken tok slutt hausten 1991. Sovjetrepublikken hadde allereie i 1990 fått vald ein ikkje-kommunistisk president, Levon Ter-Petrosjan. Den 21. september heldt landet folkeavstemning om sjølvstende. 95 % av armenarane deltok, og 94 % av røystene svara ja til sjølvstende. Landet erklærte seg sjølv som sjølvstendig republikk den 23. september. Levon Ter-Petrosjan vart innvalt på nytt i oktober.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]