Den heilage Lucia
Utsjånad
- Denne artikkelen handlar om helgenen Lucia. For feiringa, sjå Luciadagen.
Lucia martyr | |
![]() | |
Fødd | ca. 283 Siracusa |
Død | |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Den heilage Lucia på Commons |
Lucia[a] (tradisjonelle datoar 283–304) var ein kristen martyr frå Siracusa på Sicilia som blir feira som helgen i den katolske kyrkja med festdag 13. desember.
Den unge kristne jomfrua Lucia lei martyrdøden under keisar Diokletian. Ho blir i kristen kunst framstilt med eit sverd eller ein dolk og eit sår i halsen. Ho kan også halde to augo på eit fat. Grunnen er at legenda seier at ho før ho døydde reiv ut augo sine og sendte dei til han ho var trulova med. Jomfru Maria skal ha gjeve ho eit par nye og enno vakrare augo. Som attributt har ho dessutan ein palmekvist og ei oljelampe eller eit lys i handa.
Lucia er vernehelgen for synskada, sjuke barn, prostituerte som angrar seg, vevarar m.fl.

Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lucia (helgon)» frå Wikipedia på svensk, den 19. desember 2006.