Den israelske kystsletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den israelske kystsletta
slette
Utsyn frå Karmelberget over kystsletta til Middelhavet
Land  Israel
Distrikt Haifa distrikt, Sentral, Tel Aviv distrikt
Lengd 187 km

Den israelske kystsletta (hebraisk מישור החוף, Mishor HaḤof) er ei smal kystslette langs middelhavskysten i Israel. Sletta strekkjer seg 187 km nord til sør og er delt inn i fleire område som Zebulunsletta (nord for Haifa), Hof HaCarmel (frå Haifa til Karmelberget), Sharonsletta (frå Karmelberget til Tel Aviv) og Judeasletta (frå Tel Aviv til Zikim).[1] Heile vegen har sletta sandstrender mot sjøen og middelhavsklima.

Fysisk geografi[endre | endre wikiteksten]

Området var historisk frodig i bibelsk tid, og somme stader har vore jordbruksland sidan den gong. I løpet av tida har mykje av det blitt myrland, som er blitt drenert att av sionistiske pionerar.[1] I dag er området senter for sitrusgardane i landet og mange av dei mest suksessrike jordbruksbusetnadane ligg her. Sletta er frodig med to typar tjukke elveavsetjingar, den eine ideell for åkrar og den andre ideell for sitrusfrukt.[1]

Trass i lengda er det berre to større elvar som kryssar ho. Desse er Yarkon, som er 27 km lang og flyt frå Petah Tikva til Middelhavet, og Kishon som er 43 km lang og flyt til Akkobukta nord for Haifa.[1]

Menneskelege geografi[endre | endre wikiteksten]

Kring 57% av folkesetnaden i Israel lever på kystsletta, dei fleste av dei i Tel Aviv storbyområde (Gush Dan) og Haifa storbyområde.[1][2][3] Det er eit hovudsakleg jødisk område av Israel, og ein av dei største jødiske regionane i verda.

Kring 4 320 000 menneske bur på Den israelske kystsletta (57% av det totale folketalet i Israel). 4 200 000 av dei er jødar (97,2%), og 120 000 israelske arabarar.

Den israelske kystsletta har vore busett i tusenvis av år og vert omtalt i bibelsk litteratur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Geographic Regions». Arkivert frå originalen 4. januar 2008. Henta 3. oktober 2014. 
  2. «Issue #130. november 2011 - Regions i Israel». Arkivert frå originalen 6. oktober 2014. Henta 3. oktober 2014. 
  3. «‘‘After 20 Years’’: A Taphonomic Re-evaluation of Nahal Hadera V, an Epipalaeolithic Site on the Israeli Coastal Plain» (PDF).  line feed character in |title= at position 56 (hjelp)